Hopp til innhold

Var langt til sjøs då han med eitt vart Joker-millionær

Ein mann i 40-åra frå Florø kunne smile breitt laurdag kveld då han såg Joker-trekninga på TV. Nesten tre millionar kroner er no på veg til kontoen hans.

Gjekk til topps i Joker

GRATULERTE: Programleiar Ingeborg Myhre Ludlow kunne gratulerer Florø-mannen med ein førjulspresang på nær tre millionar kroner.

Foto: Norsk Tipping

– Det er heilt fantastisk. Det er jo slikt ein drøymer om, men som ein aldri trur skal skje, seier den lukkelege Joker-vinnaren til Norsk Tipping.

Mannen var på jobb langt til sjøs då trekninga vart gjort laurdag kveld, og hadde difor ikkje høve til å spele sjølv. Difor var det maskina som tok vala for mannen i Joker-trekninga, og det gjekk svært så bra.

Såg trekninga på TV

Allereie på første forsøk spratt Jokeren fram, og dermed vann mannen 2.935.000 kroner på få sekund.

Mannen tok seg tid til å sjå trekninga på TV, sjølv om han var på jobb, og seier til Norsk Tipping at det var noko nervepirrande. Saman med to kollegaer såg han med sjølvsyn at nesten tre millionar kroner vart hans på eit blunk.

– Kva sa du då Jokeren synte seg?

– Då vart det høg lyd, ja. Det kjennest uverkeleg, men herleg, seier mannen til Norsk Tipping.