Florø må takke for seg - rykker ned

Florø kom inn som eit friskt pust i førstedivisjon, men så tok fotballeventyret slutt.

1 divisjon i fotball 2018: Viking - Florø.

OVER OG UT: Mannskapet til Terje Rognsø må spele i 2. divisjon i 2019.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Det er blytungt og no skal vi deppe. Det skal vere vondt å rykke ned, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Frå ein svak start på sesongen kjempa Florø seg opp i kneståande. I raude bortedrakter sprang dei for livet under søndagens kamp mot Notodden.

– Vi har ikkje vore gode nok, seier Rognsø.

Etter ein tabbe i Florø-forsvaret gjekk Notodden opp i leiinga, men knappe ti minutt seinare var laget frå kystbyen tilbake igjen etter ei scoring av Callaku på frispark. Gnisten blei tent, men så gjekk Notodden opp til 2-1. Florø måtte ta tre poeng i håp om kvalik, og uavgjort var ikkje godt nok. Florø kom til Notodden for å ta tre poeng, men må reise heim som eit 2.-divisjonslag.

– Vi var uheldige på det første målet, og det er bittert at det skjer på ein dag som dette.

Det har vore ein nervepirrande sesonginnspurt for Rognsøs tapre menn i desperat poengnaud. Rognsø vil verken svare ja eller nei på om Florø blir å sjå i førstedivisjon igjen.

– Vi konkurrer på eit nivå utan å ha nok resursar. Det må ei endring til, og klubben må ta eit vegval. Førstedivisjon har smakt godt, så det er nok mange i klubben som vil prøve seg igjen, seier Rognsø.

På ein dag der nedrykket er eit faktum, er det langt tilbake til 15. oktober 2016. Då var det elleville jubelscener på Florø stadion og ein Florø-trenar som tok til tårene. No er eventyret i 1. divisjon over for fotballmirakelet frå kystbyen.