Hopp til innhold

Florø-kvinne dømd for drapstruslar - hevdar ho er uskuldig

Ei amerikansk kvinne, busett i Florø, er dømd i ein hurtigdomstol i Spania etter å ha kome med drapstruslar mot den verdskjende professoren Stephen Hawking. Sjølv hevdar kvinna at ho er uskuldig.

Stephen Hawking

TRUGA PÅ LIVET: Stephen Hawking lir av sjukdomen ALS, og kommuniserer sin vitskap via auga og musklar i ansiktet.

Foto: John Raoux / Ap

Det var avisa Firda som først omtala dette laurdag. Dei siterer den norske nettavisa Canariajournalen på den alvorlege hendinga. Kvinna blei fredag dømd til fire månader fengsel på vilkår.

I følgje den spanske avisa La Opinion skal ho også ha blitt dømd til å halde seg minst 500 meter unna Hawking og har fått forbod mot å kommunisere med han dei neste åtte månadane.

Hevdar si uskuld

NRK har vore i kontakt med familien til kvinna, og til dei har ho sagt at ho er uskuldig i påstandane om at ho skal ha trua professoren.

– Ho følte at ho var nøydd til å seie seg skuldig for å sleppe ut frå Spania. No planlegg ho etter kvart å reise til USA, fortel eit nært familiemedlem til NRK.

Den verdskjende astrofysikaren og matematikaren har den siste veka vore på ein konferanse på Tenerife, og kvinna skal ha hatt informasjon om korleis ho kunne nærme seg han og ta livet av han.

Hevdar at ho har trua før

Saka har vekt betydeleg merksemd og kvinna er namngjeve i internasjonale medium. Ho er bustadregistrert på ei adresse i eit bustadfelt i Florø, har norsk telefonnummer, men er amerikansk statsborgar.

Ifølgje spanske medier skal det liggje ekstrem kristen overtyding bak truslane mot Hawking, mellom anna fordi han har nekta for vitskapleg at det kan finnast ein gud. Hawking sin familie hevdar at ho har kome med truslar før, men dette avviser kvinna.