Hopp til innhold

Florø knuste Førde og toppar tabellen

Det som skulle vere eit spennande lokaloppgjer vart ein einsidig 7-0-målfest for heimelaget Florø. Håpet om opprykk er framleis levande i ytre Sunnfjord.

Florø knuste Førde 7-0
Foto: TRULS KLEIVEN

1280 tilskodarar fekk sjå noko ein sjeldan ser på ei fotballbane. Topplaget Florø hadde ikkje store utfordringar med å utklasse naborivalen. For Florø vart det akkurat nok mål til å overta tabelltoppen frå Nest-Sotra.

– Det var ein kongekamp. Første tjue minutta rundspeler vi dei. Vi har sikkert ti sjansar berre då, så at vi ikkje skårar meir er utruleg, seier sesongens store måltjuv for Florø, Endre Kupen.

Florø kjempar mot Nest-Sotra om opprykk til 1. divisjon, men før kampen hadde hordalendingane betre målskilnad. Med 3-0 til pause såg Florø derfor sitt snitt til å hente igjen litt av dette.

– Vi sa i pausa at vi skulle køyre endå meir i andre omgang, og vi køyrde over dei i andre omgang òg, seier Kupen.

Endre Kupen skåra tre mål då Florø slo Førde 7-0

SJÅ VIDEO: Endre Kupen Skåra hat-trick i sin andre kamp på rad, men er skuffa over at det ikkje vart fleire mål. (Foto: Truls Kleiven)

Spiss i kanonform

Endre Kupen har 21 mål for Florø, på 19 kampar denne sesongen. I dag laga han sitt andre «hat-trick» på to kampar, men det er han ikkje så interessert i å snakke om.

– Det er ikkje så nøye for min del. Vi vinn kampen og held følge med Nest, det er det som betyr noko, seier han.

Florø-trenar Terje Rognsø vil ikkje ta av etter 7-0-sigeren over rivalen.

– Tabellen viser at det skal vere kvalitetsforskjellar i denne kampen, og det vart det. Vi var litt skuffa til pause, for vi kunne ha skåra fleire mål. Vi var litt redde for at det skulle bli ein frustrerande kamp, seier han.

Men måla kom etterkvart, på rekke og rad. Mellom anna frå toppskårar Kupen.

– Han har hatt ei veldig god utvikling, og det har mange andre i laget òg akkurat no. I midten av 20-åra tenker mange at ein ikkje kan utvikle seg meir, men han har vist at det går an. Og så har vi ein spelestil no som passar Endre veldig bra, seier trenaren.

Ekstremt jamnt

Akkurat no kan det ikkje bli jamnare i toppen, der både Florø og Nest-Sotra har 48 poeng, og lik målskilnad. Men sidan Florø har skåra to fleire mål enn Nest-Sotra, leiar dei no tabellen.

– Målskilnaden kan bli avgjerande og vi ønsker å skåre fleire mål. Men vi kan ikkje tenke målforskjell i sju kampar, vi må tenke ein kamp om gangen. Vi skal spele mot kvarandre før det blir avgjort så vi er kun avhengige av våre eigne resultat og då er det å vinne ein kamp om gangen som tel, seier Rognsø.