NRK Meny
Normal

Florø-keeper frakta til sjukehus med dramatisk skade

Florø-keeper Nicklas Frenderup fekk ein stygg skade i halsen under kampen mot Strindheim i dag.

Keeper hamna på sjukehus

DRAMATISK: Her blir Frenderup frakta med ambulanse til sjukehuset etter å ha fått kneet til ein motspelar i halsen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Situasjonen oppstod etter at halvtimen vart spelt. Keeper Frenderup fekk kneet til motstandaren i halsen etter ein duell innanfor sekstenmeteren. Dommaren blåste straffe, men keeperen vart liggande nede med store smerter.

Kampen vart stogga i 11 minutt medan Frenderup fekk tilsyn av helsepersonell. Seinare vart han frakta med ambulanse til sentralsjukehuset i Førde.

– Det var ikkje noko stygt spel, men eit reint uhell, seier Florø-trenar Terje Rognsø, som ikkje har fått vite korleis det står til med spelaren.

– Det er aldri kjekt når spelarane dine blir skada, spesielt ikkje når dei blir sendt av garde på den måten. Vi får berre kryssa fingrane for at dette har gått bra, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser