Per Stiegler, som er operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, seier at eigaren av bilen er heimehøyrande i Leikanger. 16-åringen har fortalt at han og to kameratar tok bilen og køyrde den frå Sogn til Bergen.
Bilen vart først observert rett før klokka to natt til laurdag i Damsgårdstunnelen. Politiet dreiv ikkje noko biljakt på guten, men det tok ei tid før dei klarte å få patruljar på plass til å stoppe han, opplyser Stiegler.