Hopp til innhold

Florø får gjenopna asylmottaket

Flora har fått ny rammeavtale med UDI om drift av asylmottak i Florø, skriv Firdaposten. Avtalen skal vere langvarig, på nærare ti år. – Dette betyr masse arbeidsplassar og aktivitet, seier styreleiar i KF Innvandrarsenter, Ronny Cassells. Tidlegare har UDI operert med tremånadersavtaler, men med den nye avtalen vert det enklare for kommunen å planlegge drift på lengre sikt.
Ordførar for Flora kommune, Ola Teigen gler seg over nyhenda. – Me har kompetanse og erfaring frå mottaksdrift sidan 1993. Me veit korleis me skal levere eit godt mottak, så dette er gledeleg, seier ordføraren.