Hopp til innhold

Florø får delfinale i MGP

No er det klart - Florø får arrangere ein av delfinalane i Melodi Grand Prix neste år.

Florø får MGP

Per Øyvind Helle (nr 2 frå venstre) jublar over at dei har fått den eine delfinalen.

Foto: Birger Meland / NRK

22. januar kjem MGP-sirkuset til den vestlegaste byen i Norge. Marknadssjef Per Øyvind Helle i eventselskapet «HippHipp Flora» har jobba lenge med å få delfinalen.

Tysdag kveld fekk han beskjed frå selskapet Dinamo som produserer finalen for NRK. Og i dag klokka 11:20 i dag kunne han endeleg sleppe nyheiten om at nettopp dei får arrangere eit av showa.

Høyr radiointervjuet med glade florøværingar:

Har jobba hardt og lenge

Det er eit omfattende samarbeid mellom Flora kommune, Fjaler kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturliv, reiseliv og næringsliv som ligg til grunn for arrangement og finansiering.

Marknadssjef Helle er kjempeglad for at dei har lukkast.

– VI har klart å få til dette fordi vi kan. Vi har jobba hardt lenge og har fått med oss fylkeskommunen og store næringsaktørar. Saman har vi klart å skaffe 3,1 millionar kroner.

Det er venta at ein million TV-sjåarar ser delfinalen som blir arrangert i Florø idrettssenter.

– Det var ein stor glede å overrekke beskjeden til en by og en region med eit slikt stort engasjement og entusiasme, seier produsent for Dinamo, Dag Hvaring.

Han meiner at alt ligg til rette for eit fantastisk arrangement

Spektakulært show

130 personar frå Dinamo og 100 tonn utstyr omgjer idrettsenteret til ei spektakulær showscene med plass til 2500-3000 menneske. Publikum vil vere vitne til det mest storslagne sceneshowet nokon gong i fylket.

Sju artistar skal konkurere om å få vere med i den norske hovudfinalen.

– Dette er strålande

Ordførar Bente Frøyen Steindal er også ei av dei som jublar for arrangementet.

– Dette er strålande og eg seier takk til alle som har fått dette til. Byen, kommunen og heile fylket får vist kva vi har å by på.

Skal visa anna enn bunad

Før kvar av dei sju finalistane skal opptre, skal det visast eit «postkort». Her skal fylket visast fram på best mogeleg måte.

– Her skal vi få fram andre ting enn bunad. Sjølsvagt kan den vere med, men poenget er å vise fram andre sider av fylket som kanskje færre rundt om i landet veit om. Vi skal iallefall unngå å vise oss fram som trauste og bunadskledde, seier Per Øyvind Helle.

MGP Lokal

Det har kome inn mange hundre bidrag til neste års Grand Prix, og enno er ikkje finalistane klare. Men det er også andre som får vist seg fram.

Det skal arrangerast eit MGP Lokal, der fem unge songtalent skal varme opp før dei sju finalistane.

– Det er ikkje kvar dag unge talent får høve til å stå på ei stor scene framfor tusenvis av menneske, seier Helle.

Anne Rimmen og Per Sundnes

Per Sundnes og Anne Rimmen skal leie NRK sine Grand Prix-sendingar i vinter.

Foto: Ole Kaland / NRK