Hopp til innhold

Florø får Brann på heimebane

100-årsjubilanten Florø SK er sett opp med heimekamp mot Brann i fotballcupens andre runde. – Kjempeartig, jublar trenar Terje Rognsø.

Florø-Sogndal

JUBEL: 3. divisjonslaget Florø kan få meir å juble for når Brann kjem til byen 10. mai.

Foto: Alf Vidar Snæland

Florø sendte tabelltoar Sogndal hovudstups ut av cupens første runde med 3–0. Torsdag 10. mai får dei nytt storfint besøk når Brann gjestar kystbyen.

Cup-oskeladden hadde Brann høgt på lista over ynskjemotstandarar på heimebane i andre runde.

– Det er jo supert. Det kunne knapt bli betre. No blir det ny folkefest i Florø og ny sjanse til å skape sensasjon, jublar FSK-trenar Terje Rognsø når NRK.no fortel om kampoppsettet.

Brann måtte slite

Florø-spelarane sjokkerte fotball-Norge då dei sendte Sogndal ut av cupen 1. mai. Rognsø vedgår at sjansane er små for å stå for nok ein sensasjon.

Brann på si side måtte slite for å overkomme 3. divisjonslaget Bjarg med 2–1 i første runde.

– Sjansen er ikkje nødvendigvis så stor, men om vi kan vere oppe ein gong til og prestere som mot Sogndal, så kven veit? Fotballen er rund, seier han.

– Spesielt

Brann har vunne cupen seks gonger sidan oppstarten i 1902, og i Flora har klubben ein heilt spesiell plass i fotballsjela.

Rognsø meiner møtet difor blir veldig spesielt å møte bergenslaget.

– Det blir ein ny folkefest. No går det slag i slag. Sogndal har byrja å få ein plass i Florø-sjela, men Brann har hatt det lenge. Så dette er nok ein kamp mange vil setje pris på, seier Rognsø.

Mest attraktive

– Om du seier du vil ha ein ny heimekamp mot eit eliteserielag, så var det Brann, Aalesund eller Molde som ville vore mest attraktive. Sidan Brann har ei heilt spesiell stilling her ute, så blir dette absolutt kjekt, seier Rognsø.

Og reknar med å møte eit Brann-lag som ikkje undervurderer dei.

– Vi ynskjer å skape cupfestar kring om i landet, og fordelar toppklubbane fornuftig mellom klubbane i dei lågare divisjonane. Vi prøver også å unngå for mange gjentakande oppgjer, seier fagansvarleg for kampadministrasjon i NFF, Are Hokstad, i ei pressemelding.

Terje Rognsø

JUBEL: Terje Rognsø jubla etter å ha slått Sogndal ut av cupen. No ventar Brann.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK