For i helga feia drilljentene frå Florø nok ein gang alle konkurrentane til sides, og gjekk heilt til topps under NM i korpsdrill i Larvik.
I oktober reiser dei for tredje året på rad til EM.
– Vi håpar å gjere så godt vi kan. Jentene har høge mål, og det må dei ha, seier Skorge og fortel at jentene siktar seg inn på ein EM-medalje.
Florø Drill EM-debuterte med femteplass i 2015. I fjor
.- Les også:
Noko drilljentene frå kystbyen har planar om å gjere på nytt under EM i Nederland.
- Les også:
- Les også:
– Men uansett så er det ei stor oppleving å få vere med på EM. Nivået er veldig, veldig høgt. Det blir både spennande og gøy, seier Skorge og vedgår at det vart spennande også då NM-titlane skulle delast ut i helga.
– Nivået er alltid høgt under NM og jentene hadde mange nummer i år. Vi hadde fleire grupper som var utpå. Gruppa som tok NM-tittelen var heilt på slutten på fredag, så dei var slitne. Men dei gjennomførte med stil og gjorde ein fantastisk innsats, seier Skorge.
Ho sluttar aldri å la seg imponere over det drilljente frå Florø får til. Det er heller ikkje noko problem å motivere seg framfor meisterskapane.
– Vi har ein fantastisk trenar. Anja Knudsen legg ned eit stort arbeid, og jobbar jamt og trutt gjennom heile året med jentene. Det er strenge reglar fram mot NM, men det blir også mykje gode ord og glede, seier Skorge.
Jentene trenar fast halvannan time i veka og gjennomfører fleire helgetreningar.
– Dei er heilt fantastiske. Flotte jenter som jobbar knallhardt kvart einaste år fram mot NM, avsluttar Skorge.