Hopp til innhold

Florø 2 berga plassen

Andrelaget til Florø slo i dag Skarbøvik 3-0, samstundes som Stryn slo nedrykksrival Kristiansund 2. Dermed er det klart at florøværingane bergar plassen i divisjonen etter at siste runde er spelt. Frå før var det allereie klart at Eid ryk ned ein divisjon, 2–3 tapet heime mot Volda vart dermed ein sørgeleg avslutning på ein like sørgeleg sesong for laget frå Nordfjord. Både Sogndal og Årdal vann sine respektive kampar i serieavslutninga.