- Eg veit at det er foreldre som ikkje vil ha ungane sine i barnehagen, fordi dei meiner det ikkje er forsvarleg, seier Winterthun.
Maksimalt 18 born
Barnehagelova tilrår at det maksimalt skal vera 18 ungar i ei barnehageavdeling med ein pedagogisk leiar og to assistentar. Men allereie i 2000 strekte Flora kommune denne maksgrensa til 19. Winterthun seier erfaringane til barnehagane er at tilbodet har blitt dårlegare.
Aukar til 20
Likevel vurderer kommunen no å auka talet på ungar til 20 per avdeling. Leiar i foreldreutvalet i Havrenes barnehage, Ann Kristin Winterthun, fryktar kva følgjer dette kan få.
Ordføraren meiner tilbodet blir forsvarleg.
Denne saka kjem opp i bystyret neste tysdag. Kommunen håpar å spare 1,2 millionar kroner på omlegginga, og dessutan redusere ventelistene til barnehagane. Winterthun reagerer på at dette forslaget blir lansert samstundes som kommunen vil byggje ein storhall til 15 millionar kroner.
- Blir forsvarleg
Ordførar Bente Frøyen Steindal seier dei ikkje prioriterer storhall framfor ungane. Ho seier dei vil gå inn med meir bemanning på barnehagane, og at tilbodet dermed vil bli forsvarleg.