Flora vann årets lokale klimatiltak

Flora kommune vann tittelen "årets lokale klimatiltak 2018". Dette for prosjektet dei jobbar med for å få på plass ein utsleppsfri hurtigbåt. Den 30 meter lange, hydrogendrivne passasjerbåten håpar dei å kunne ta i bruk i 2022.

Prisen fekk dei på Zerokonferansen onsdag. Konkurransen vert arrangert for å skape merksemd rundt gode klimaløysingar i kommunesektoren.