Hopp til innhold

Flora-ordførar sparkar Nødseth

Den profilerte Høgrepolitikaren Jacob Nødseth har fått sparken som politisk rådgjevar for ordføraren i Flora.

Jacob Nødseth

FÅTT SPARKEN: Jacob Nødseth har fått sparken av Høgre-ordføraren i Flora.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er Høgre-ordførar Bengt Solheim-Olsen sjølv som har sparka Nødseth. Ordføraren seier til NRK.no at han ønskjer å avvikle engasjementet til Nødseth som politisk rådgjevar.

– Eg har i samtale med Jacob Nødseth i dag, informert om at eg ønskjer å avvikle engasjementet hans som politisk rådgjevar, seier Solheim-Olsen.

– Kvifor har du gjort det?

– Det kan vere mange grunnar til det, men på dette stadiet ønskjer eg ikkje å utdjupe det, seier han.

Solheim-Olsen seier han vil ta denne saka opp med bystyret når dei skal møtast tysdag. Han seier det er viktig å ha god dialog innad i partiet og han vil informere om det som er naudsynt.

Nødseth: Har henta inn råd i saka

Jacob Nødseth vil førebels ikkje la seg intervjua om saka, men seier i ein kommentar at tilsetjingsforholdet hans i Flora kommune er omfatta av dei formelle spelereglane i arbeidslivet.

– Eg støttar meg på desse, seier han.

Nødseth stadfestar overfor NRK at han har innhenta råd i saka, men vil ikkje gå inn på med kven eller kva.

Tilsett etter valet i fjor

Bengt Solheim-Olsen

ORDFØRAREN: Bengt Solheim-Olsen tilsette Jacob Nødseth som politisk rådgjevar etter valet i fjor.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Nødseth blei tilsett i ei 35 prosent stilling som politisk rådgjevar etter valet i fjor haust, der Bengt Solheim-Olsen (H) blei vald som ordførar. Han fekk då fullmakt frå bystyret til å tilsetje den han ønskte i stillinga.

24 år gamle Nødseth er ein av dei mest profilerte politikarane i Sogn og Fjordane.

Han er 1. vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane og har fleire gonger møtt på tinget. Han er med i Flora bystyre og leiar i hovudutvalet for helse- og sosialsaker. Nødseth er også medlem av formannskapet i Flora.

Fleire konfliktar

I mars kom det fram at Jacob Nødseth skal ha sendt trugande meldingar til leiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik.

Nødseth skal mellom anna ha truga med å øydelegge den politiske karrieren til Belsvik og også sendt upassande og sjikanerande meldingar.

Etter dette skreiv Nødseth under på ein avtale som går ut på at han ikkje skal stille til val for fylkesstyret til Høgre og ikkje engasjere seg i Unge Høgre på lokalt plan.

Fått kritikk frå fleire

Etter konflikten med Belsvik har det storma rundt Nødseth. Det har kome kritikk frå fleire, mellom anna generalsekretæren i Høgre, Lars Arne Ryssdal. Han har sagt at han mislikar måten Nødseth behandla den unge kvinneleg partikollegaen på.

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, har uttalt at Nødseth manglar dømmekraft og difor ikkje bør nominerast til stortingsplass.

Ordføraren: Vil ikkje seie noko om årsaka

Ordføraren Bengt Solheim-Olsen vil ikkje seie noko om avgjerda har noko med striden mellom Nødseth og Embla Belsvik å gjere.

– Nei, det er ikkje grunnlag til å spekulere i kva dette har med å gjere. Dersom eg føler for å kommentere dette på eit seinare tidspunkt, får vi komme tilbake til det.

– Har du tillit til Nødseth i dei politiske verva han har?

– Eg har presisert for Jacob fleire gonger i dag, at eg ser fram til å halde fram det gode samarbeidet vi har der.

– Kva er grunnen til at han ikkje fungerer i stillinga som din personlege rådgjevar?

– Dei to tinga heng overhovudet ikkje saman. Eg vil som sagt ikkje kommentere kva som er årsaka.

Solheim-Olsen seier dei skal føre dei formelle prosessane som er i personalsaker. Han vil ikkje spekulere i eventuelle reaksjonar som vil komme etter avgjerda hans. Han seier til NRK.no at han førebels ikkje veit om han skal tilsette nokre andre i denne stillinga.

Det er kalla inn til gruppemøte i Høgre i kveld.