Hopp til innhold

No vil dei styrke samarbeidet på kysten

FLORABASSENGET (NRK): Kystordførarane vil ha tettare samarbeid, men det er framleis langt fram for ein eventuell storkommune i vest.

Ola Teigen og Kristin Maurstad

TIL SJØS: Ordførarane Ola Teigen frå Flora og Kristin Maurstad frå Vågsøy diskuterte vidare samarbeid på kysten på båttur.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Gjennom arbeidet med kommunereforma avslørte vi at det er for lite samarbeid langs kysten. Vi har for få møtepunkt, og det ønskjer vi å gjere noko med.

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) og kollega Kristin Maurstad (Ap) frå Vågsøy har teke plass i ein liten båt i hamnebassenget utanfor Florø. Det er staden dei har valt for å diskutere vidare samarbeid mellom to av kommunane på kysten av Sogn og Fjordane.

– Både Vågsøy og Flora har vore tydelege på at det er kysten vi må satse på. Og kysten sine interesser får vi løfta betre fram gjennom eit tettare samarbeid, seier Teigen.

Positive til ei samanslåing

Maurstad frå Vågsøy fortel at dei i etterkant av debatten om kommunesamanslåing vil ta nytte av lærdommen dei fekk.

– Vi har alt eit tett samarbeid med Flora gjennom kystvegarbeid osv., men vi har ikkje noko formalisert samarbeid. Vi ser at dersom vi skal få den utviklinga vi ønskjer på kysten, så må vi løfte i lag.

Begge ordførarane er positive til ei samanslåing for sine kommuner. I Vågsøy har kommunestyret alt vedteke å gå inn for ei samanslåing, men dei har ikkje funne nokon samarbeidspartner.

I Flora sa bystyret nei til samanslåing, men det var som ein del av storkommunen i indre Sunnfjord. Teigen trur kommunen stiller seg heilt annleis til ein kystkommune.

Ola Teigen og Kristin Maurstad

REKER OG BRUS: Kommunepolitikk diskuteraer ein best over lokal sjømat.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Innbyggarane i Flora var tydelege på at ei samanslåing innover ikkje var ønskjeleg. Eg trur derimot at dei fleste eigentleg vil seie ja til ei samanslåing dersom vi har eit kystalternativ. Då må vi jobbe mot det.

– Bremanger er viktig for oss

Men mellom dei to kommunane i vest ligg det ei geografisk sperre, med namnet Bremanger kommune. Der har dei sagt blankt nei til å bli ein del av ein kystkommune, og dermed sett ein førebels stoppar for draumen til dei to ordførarane.

– Bremanger er veldig viktig, og både vi og Flora ville vore positive til ein kystkommune med Bremanger, seier Maurstad, som legg til at dei uansett ønskjer eit tett samarbeid med Bremanger

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

SEIER NEI: Ordførar Audun Åge Røys i Bremanger kommune vil ikkje vere ein del av ein storkommune på kysten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi må respektere Bremanger si avgjerd, men samstundes er Bremanger positive til eit regionsamarbeid på kysten. Vi har hatt fleire møte der det har vore diskutert.

Vil ha eit regionsråd

Det som i alle fall er sikkert er at kommunane på kysten no vil snakke meir med kvarandre.

– Dersom Vågsøy skal vere ein del av ein storkommune, skal det vere ein kystkommune. No har vi ikkje noko slikt alternativ i dag, men vi har heile tida sagt at vi ikkje kan avslutte diskusjonane etter at forhandlingane er slutt.

Og difor har dei to ordførarane no gått saman og lagt ein plan for vidare diskusjonar.

– Det første møtepunktet vårt er i september, då må kommunane på kysten vere konkrete på kva dei ønskjer av samarbeidet, seier Teigen, som vidare fortel at han først og fremst vil få på plass eit regionrådssamarbeid for alle kystkommunane i fylket.

– Det vil vere ein god start med tanke på å realisere den felles politikken vi har på kysten, og kanskje på sikt ein ny storkommune.