Styret fatta det omstridde vedtaket utan at arbeidsgruppene som skulle greie ut følgjene av ei slik flytting, fekk gjere rapportane ferdige.
Skjønar ikkje vitsen med samarbeid
Kommunelege i Flora, Jan Helge Dale, skjønar ikkje vitsen med at Helse Førde bestiller så mange rapportar. For han sit igjen med det inntrykket at dei har bestemt seg på førehand. Dale sit i arbeidsgruppa som greier ut opprettinga av eit nærsjukehus i Florø frå årsskiftet. Denne gruppa har møte på måndag, men der kjem verken Dale eller dei andre representantane frå Flora kommune til å møta.
- Helse Førde har ikkje på noko punkt kome oss ein einaste millimeter i møte, og då er det ikkje noko vits i å samarbeide, seier Dale. Han er positiv til samarbeid, men då må begge partar inngå kompromiss
- Sukrar pillen
Kommunelege Jan Helge Dale trur ikkje på lovnadene frå Helse Førde om å opprette eit nærsjukehus i Florø der ein på sikt kanskje kan drive med dagkirurgi. - Dette er eit lite skuebrød for å sukre pillen, mens det dei eigentleg vil er å sentralisere alt til Førde, seier han. Etterkvart trur Dale at dette også vil ramme sjukehuset i Lærdal og på Eid. - Strategien er lagt for ein tung sentralisering. Dette avviser administrerande direktør i Helse Førde, Leif Kapstad, og beklagar avgjerda til Flora kommune.