Hopp til innhold

Flora kan få Høgre-ordførar

Høgre har fått gode kort på hand når dei no skal forhandle om ordførarposisjonen i Flora.

Bengt Solheim Olsen

GLAD: Bengt Solheim Olsen hoppande glad då valresulta i Flora synte ein enorm framgang for Høgre.

Foto: Truls Kleiven

Fleirtalet av veljarane i kystbyen har gitt ordførarkandidat for Høgre, Bengt Solheim Olsen, god grunn til å gle seg.

Med ein framgang på over 18 prosentpoeng vert Høgre det største partiet i Flora med ein oppslutnad på 35,6 prosent.

- Vi er veldig, veldig glade for at så mange har stemt på oss. Det er rett og slett fantastisk. Dette må vere noko av det beste Høgre har gjort nokon gong i Flora, seier Solheim Olsen til NRK.no kort tid etter at dei førebelse resutlata vart klare litt over klokka 02 natt til tysdag.

Ap går tilbake

Sitjande ordførar Bente Frøyen Steindal frå Arbeidarpartiet ønskjer å halde fram som ordførar i Flora. Men Høgre kan sjå ut til å bli for sterke. Arbeidarpartiet går tilbake tre prosentpoeng og får ein oppslutnad på 32,7 prosent. Frøyen Steindal vil likevel ikkje seie seg misnøgd med det.

- Eg er nøgd med at vi held stand i bystyret med like mange representantar som før. Så dette resultatet er på ingen måte eit nederlag, seier Frøyen Steindal.

Det er no duka for tøffe forhandlingar mellom Høgre og Arbeidarpartiet om kven som får sitje i ordførarstolen den komande perioden. Både Solheim Olsen og Frøyen Steindal er klare for oppgåva.

- Eg er med på dette fordi eg sjølvsagt har lyst å halde fram i jobben som ordførar, men kva som skjer i forhandlingane er framleis uklart, seier Frøyen Steindal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Nødseh og Bengt Solheim Olsen

JUBLAR: Jacob Nødseth og Bengt Solheim Olsen er strålande nøgde med det gode valet i Flora.

Foto: Truls Kleiven

- Eg har veldig lyst å bli ordførar

Heller ikkje Solheim Olsen vil seie noko sikkert om han vert ordførar eller ikkje.

- Folk har gjennom stemmeseddelen vist at dei ønskjer eit friskare og meir offensivt alternativ for Flora kommune.

- Blir du ordførar i Flora dei neste fira åra?

- Det er i alle fall mykje større moglegheit for det no enn før i dag. Eg har veldig lyst å gjere kommunen ein betre plass å bu i, seier Solheim Olsen som meiner partiet har eit godt utgangspunkt før forhandlingane.