NRK Meny
Normal

Flora Høgre har ekskludert Jacob Nødseth: "Ikkje annan utveg", seier styreleiaren

Styret i Flora Høgre vedtok tysdag å ekskludere Jacob Nødseth.

Jakob Nødseth

EKSKLUDERT: Flora Høgre har ekskludert Jacob Nødseth.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Styreleiar Vidar Grønnevik seier til NRK at det ikkje er med lett hjarte dei gjer eit slikt vedtak.

– Det er absolutt siste utveg vi kan ty til, og vi vil strekkje oss så langt vi kan for å unngå det, men i dette tilfellet så har vi faktisk ikkje sett noka anna løysing på det.

Grønnevik seier vedtaket kjem etter ei rekkje hendingar og åtferd over lang tid.

– Det er knytt til andre tilltsvalde, opptreden i form av pressekonferansar og anna aktivitet mot omverda som totalt sett er vurdert som så skadeleg at lokallaget ikkje har sett anna muligheit enn å gå til dette tiltaket.

– Meiner de at det har prøvd det meste før de gjorde dette vedtaket?

– Ja, ikkje berre det meste, men også over særdeles lang tid.

– Vondt å bli behandla slik

Jacob Nødseth er opprørd over måten Flora Høgre har handtert saka på. Han er på ferie i utlandet, og vart først merksam på vedtaket då Firdaposten og NRK tok kontakt med han.

– Då gjekk eg inn på e-posten min og såg at eg hadde fått e-post frå Vidar Grønnevik. Dette er andre gongen Flora Høgre har utspel om meg som eg får vite om via media, utan at eg har fått høve til å svare på det på førehand. Det er vel slik ein opererer i Flora Høgre, tydelegvis.

Han har lese dei åtte punkta i grunngjevinga for eksklusjonsvedtaket, og seier han ikkje kjenner seg att i måten han er omtala på.

– Dette er ein veldig ubehageleg situasjon. Eg synest det er veldig vondt å bli behandla på denne måten. I lengda kan ikkje Sogn og Fjordane Høgre eller Høgre sentralt leve med eit lokallag som opptrer på ein slik måte mot sine medlemmer.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vidar Grønnevik

- IKKJE ANNAN UTVEG: Styreleiar Vidar Grønnevik i Flora Høgre meiner dei har prøvd alt før vedtaket om eksklusjon vart gjort.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Åtte-punkts grunngjeving

Styret i Flora Høgre listar opp åtte punkt som grunngjeving for eksklusjonsvedtaket:

1. At JN over tid har synt kritikkverdig åtferd overfor andre tillitsvalde i partiet. Tilhøva er av ein slik karakter at dei blei varsla til Høgre sentralt.


2. At JN har avvikla pressekonferansar utan forankring eller varsling til eige parti, der han har stått fram med grove og feilaktige skuldingar mot eige parti.


3. At det primo september 2012 blei naudsynt å kalle inn JN til eit møte der både Sogn og Fjordane Høgre og Høgres Hovudorganisasjon var representert, der JN måtte beklage sin handlemåte og skrive under på ei erklæring med retningslinjer for kva åtferd partiet forventa av JN i tida framover. Denne erklæringa er i ettertid brote av JN, ved fleire høve.


4. At JN har sett fram mistillitserklæringar mot gruppeleiar og gruppestyre, kontrollutvalet, eigen ordførar, rådmann, tre namngjevne kommunalsjefar, det lokale styret, styreleiar og nestleiar.


5. At JN ved gjentekne anledningar har helde munnlege innlegg i formannskap og bystyre, samt lesarinnlegg med negativ og nedlatande omtale av eigne partifeller.

6. At JN ved gjentekne høve refererer i det offentleg rom frå interne møte i lokallaget.

7. At JN gjennom fleire år har hatt eit konfliktorientert åtferd som ikkje har vore mogeleg å løyse med dialog, meklingsmøte, avtaler og advarsler, verken på lokalt, fylkes- eller sentralt nivå.


8. At JN ved sin opptreden og åtferd har påført Flora Høyre skade, både internt og eksternt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Arve Mjømen

ORDKNAPP: Fylkesleiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesstyret er ankeinstans

Vedtaket vart gjort samrøystes i styret i Flora Høgre.

Det er fylkesstyret i Høgre som er første ankeinstans for vedtaket i Flora Høgre. Ein ordknapp fylkesleiar Arve Mjømen vil difor helst ikkje kommentere saka nærare akkurat no.

Men Jacob Nødseth trur ikkje saka kjem så langt at han treng å anke. Han trur eksklusjonen vil bli avvist av fylkesstyret. Han har sendt ein tekstmelding til Olve Grotle, som er første nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre.

– Eg har bede om eit møte med fylkesleiartrioen for å legge fram fakta i saka slik eg ser det. Eg trur ikkje saka vil gå så langt som at eg treng anke, for så fort fylkesstyret og eventuelt sentralstyret blir involvert trur eg dei kjem til å avvise saka.

Nødseth viser til sist det var ei eksklusjonssak i Høgre - i 2008. Då var det Fredrikstad Høyre som ville ekskludere Georg Apenes etter kritikk han kom med mot ein partifelle. Den eksklusjonssaka vart avvist av Østfold Høyre.

– Det er stor takhøgde i Høgre. Eg meiner å vite at sist det vart gjennomført ein eksklusjon var i samband med landssvikoppgjeret etter krigen, seier Jacob Nødseth.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå