Hopp til innhold

Flo: – Stor respekt for Sarpsborg 08

Sigeren mot Molde førre helg har gitt Sogndal-spelarane ein god dose sjølvtillit, men dei tek likevel ingenting for gitt når dei møter Sarpsborg 08 i kveld.

Ricardo dos Santos

SCORA I MOLDE: Ricardo Santos losna på scoringsfoten då han sikra eit av dei to måla til Sogndal på Aker stadion i kampen mot Molde førre helg.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Ifølgje sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, er nyopprykka Sarpsborg 08 eit lag dei har full respekt for. Og sjølv om Flo er sikker på at måla snart vil komme, tek dei ikkje sigeren for gitt.

– Det skal eg love deg at vi ikkje gjer. Vi har all respekt for Sarpsborg, og historisk sett er det eit lag vi har knota litt mot. Det er eit lag som har vore nede, men som har brukt tida godt. Dei har ein bra stall, og er eit godt lag som vi må ta på største alvor, seier Flo.

Har fornya sjølvtilliten

For på dei siste ni kampane mellom Sogndal og Sarpsborg 08, har sistnemnde vunne seks av dei, medan Sogndal berre har vunne ein. Men sigeren mot Molde har likevel gjort god for sjølvtilliten i Sogndalslaget.

– Resultatet i Molde var svært viktig, og ein god timing. Når vi fekk ein bra skrell mot Rosenborg, så er det alltid ok å få eit godt resultat igjen kjapt. Og eg trur nok at spelarane vil ta kjensla frå den kampen inn mot kampen i kveld.

Flo meiner laget har gjort det ganske godt i sesongstarten, men at det kanskje manglar litt på det offensive spelet.

– Den siste tida har vi vore veldig gode og kompakte defensivt, men vi har vel eit utviklingspotensial offensivt, så eg håpar vi kan få litt tak i det, og at det føre til at vi får dei resultata og dei måla som ein treng for å vinne kampar, seier han.

Nesten skadefri tropp

Håvard Flo

TRUR PÅ MÅL: Sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ifølgje Flo er troppen så å seie intakt, men framleis har dei nokre som endå trøblar litt med skader. Blant dei er Ørjan Hopen og Tonny Brochmann.

Flo seier at begge to treng litt meir tid før dei er klare, men at dei er på veg tilbake. Også reservemålvakt Mathias Dyngeland er ute etter ein operasjon i menisken, men det skal heller ikkje ta all verda med tid før også han er tilbake.

– Bortsett frå det så synest eg det ser veldig bra ut, seier Flo.

– Måla vil komme

I fleire av dei siste kampane har det vore fleire målsjansar for Sogndal som ikkje har resultert i det dei helst skal. I kampen mot Molde scora Ricardo Santos eit av måla, og Flo meiner det er ekstra viktig at angrepsspelarane får fornya sjølvtilliten.

– Det er ein viktig eigenskap for ein angripar å vere jamleg involvert i mål. Det gir ein boost og gjer at ein kan sleppe skuldrene ned litt. Og då snakkar eg av tidlegare erfaring, seier han.

– Trur du det no er i ferd med å losne for dykk på målfronten?

– Det har litt med timing og tilfelle å gjere. Eg trur vi har mange typar som er naturleg involvert rundt målet, og eg trur definitivt at det vil komme, seier Flo.