Hopp til innhold

Flo: – Alle spelarane er prega

Morgondagens oppgjer mellom Sogndal og Rosenborg på Fosshaugane blir ei spesiell oppleving for mange av spelarane på bana. Både spelarar og dommarar stiller med sørgjeband.

Per-Egil Flo

FRÅ SAME BYGDA: Per-Egil Flo kjem frå same stad som Hanne Kristine Fridtun som omkom på Utøya.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det blir også ei minutt stille før kampen blir blåst i gang.

I går kveld kom meldinga om at nær 20 år gamle Hanne Kristine Fridtun frå Stryn var stadfesta omkomen etter Utøya-massakren. . Fridtun kom frå Flo-bygda der også dei mange Flo-ane i Sogndal kjem frå. Per-Egil Flo seier dei er prega av hendinga.

– Det har vore ei trist veke og det er tragisk det som har skjedd, seier han.

Flo fortel at dei fekk fri dei første dagane etter det tragiske som skjedde.

– Vi har også prata mykje i lag om det som skjedde på Utøya og i Oslo.

– Har det vore vanskeleg å konsentrerer seg om fotballen når ein slik tragedie råkar?

– Ja, men vi prøver å førebus oss på best mogleg måte. No har vi fokus på kampen, men den blir sjølvsagt spesiell etter det som har skjedd den siste veka.

Even Hovland er skadd og står over Rosenborg-kampen, mens Eirik Bakke er tilbake etter skade.

Dette troppen som trenar Harald Aabrekk har plukka ut til laurdagens kamp:

Kenneth Udjus – Mats Goberg Solheim–Vegard Heggenes Gjermundstad–Per Egil Flo–Ahyee Aye Elvis–Henrik Luggenes Furebotn–Ulrik Flo–Eirik Bakke -10 Espen Olsen–Ole Jørgen Halvorsen–Joseph T. Bendik–Barry Kader–Eivind Daniel Røed–Gustav Valsvik–Cato Hansen–Ørjan Hopen–Isak Scheel–Tore Andre Flo

Sist søndag blei alle fotballkampane utsette på grunn av terrorangrepa på Utøya og i Oslo. Sogndal sin kamp blir spelt torsdag 4. august, då skal dei møte Haugesund på bortebane.