Hopp til innhold

Flo vil halde Sogndal i eliteserien

38 år gamle Tore André Flo er klar for seriestarten på søndag. Han skal gjere sitt for å halde Sogndal i eliteserien.

Video cd1c5662-43f2-44de-b169-c8ce0016699e.jpg

SJÅ TV-SAKA: Tore André Flo vil halde Sogndal i Eliteserien.

Stryningen har knapt stått over ei einaste trening i vinter og er klar for å hjelpe laget sitt i den kommande sesongen.

Tore André Flo har trena jamnt og trutt heile hausten og vinteren og tykkjer sjølv at sesongoppkøyringa har vore god.

– Eg har vore skadefri og har vore med på nesten alle treningane. Eg er glad eg har halde meg frisk og har kanskje berre droppa fire-fem treningar, seier han.

– Hadde du trudd at du skulle halde deg slik at du kan drive på dette nivået?

– Nei, i utgangspunktet ikkje. Eg tenkte det ville vere periodar der eg ville slite litt meir enn det eg har gjort, men heldigvis har det gått veldig bra.

Gir seg ikkje enno

Flo kan sjå tilbake på ei lang fotballkarriere der han har spelt i fleire norske toppklubbar og mellom anna Chelsea, Sunderland og Leeds i England.

Stryningen la eigentleg opp i 2008, men gjorde comeback same året i League One-klubben Milton Keynes Dons. Han la opp på nytt i 2009, men så skreiv han under for Sogndal Fotball i 2011 med sikte på å spele for gamleklubben i eliteserien.

Han kom til Sogndal med ikkje altfor store forhåpningar. Då han, kona og fem born bestemte seg for å flytte tilbake til bygda, tok Flo tok kontakt med klubben for å høyre om han kunne bidra på trenarsida.

– Men så blei eg og dåverande trenar, Harald Aabrekk, samde om at eg skulle vere med å trene litt. Og det har jo gått veldig bra.

Håper på flest mogleg speleminutt

Han håper han får vist seg fram som meir enn ein «siste fem minutt-spelar» i den kommande sesongen.

– Eg håper i alle fall det. Men kan jo ikkje ha for store forhåpningar. Eg nærmar meg 39 år og då kan strekkskadane kome heilt uventa. Men eg skal i alle fall bidra alle dei minutta eg kan få.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Andre Flo

HÅPER PÅ SPELETID: Tore André Flo reknar med å skåra mål i årets serie.

Foto: Rune Sjøberg

Godt over snittet

For med 38 år på baken så er han ein del eldre enn dei andre spelarane i eliteserien. I fjor var snittalderen på alle som spelte i serien på 24,7 år.

Fleire har sagt at det er eit svakheitsteikn for Sogndal å skulle lene seg på ein mann i hans alder. Flo er usamd i dette.

– Eg trur ikkje laget lener seg meg. Sogndal har mange unge og lovande spelarar som kjem til å blomstre. Så kan det vere greitt å ha meg i bakhand, som kan komme inn av og til i jamne kampar.

Treigare og stivare

På dagens trening er han i fullt vigør, men vedgår at han kanskje er litt stivare og treigare enn før.

– Å seie eg er i kjempeform er vel å ta hardt i. Eg har vore raskare før, men reknar med å ta ein del på rutinen.

– Tør du å setje deg eit mål for i år?

– Nei, det trur eg ikkje er vits i. Det einaste målet er å gjere sitt beste i kvar kamp, så får vi sjå kor langt det held. Eg har bestemt meg for at eg skal skåre fleire mål denne sesongen.

Trenaren set stor pris på Flo

Jonas Olsson

SKRYT AV FLO: Trenar Jonas Olssen er glad for å ha stryningen med på laget.

Foto: Øystein Fossum

Sogndalstrenar Jonas Olsson er glad for å ha Flo med seg på laget. Han bryr seg ikkje om alderen på spelarane sine.

– Det handlar om kvalitet, då spelar det ikkje nokon rolle kor gammal du er.

Den svenske trenaren er full av lovord om Flo.

– Han er eit fantastisk menneske og ein utruleg dyktig fotballspelar. Han er kjempeviktig for meg, seier han.