NRK Meny
Normal

Flo til Florø: – Det er no jobben startar

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, jubla høgt då Florø sitt opprykk vart sikra. Han har fleire råd til naboen i vest før dei tar fatt på spel i 1. divisjon.

Håvard Flo

SPORTSLEG LEIAR: Håvard Flo har fleire råd til Florø om korleis dei skal omstille seg til 1. divisjon.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jubel på Florø stadion

JUBEL: Det vart full jubel på stadion i Florø då opprykket vart sikra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– No har dei nådd eit mål som er ekstremt viktig for dei, men det er kanskje no den verkelege tøffe og harde jobben startar, åtvarar sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, etter at Florø sikra opprykket til 1. divisjon laurdag.

Sogndal Fotball har vore det einaste topplaget frå Sogn og Fjordane i norsk fotball i lang tid. Klubben har stolte tradisjonar i på øvste nivå, og Flo trur Florø også kan etablere seg i toppfotballen om dei tar dei riktige grepa.

– No må dei rigge seg og stabilisere seg i første omgang, slik at dei kan bli eit 1. divisjonslag over tid. Det går veldig mykje på klubbutvikling og å kunne drive ei sportsleg satsing på eit godt fundament. Ein annan bit er anleggsutviklinga der oppe, seier han.

– Det er ein tung og vanskeleg materie for alle klubbar med tanke på korleis ein skal sy det saman og få det til å gå opp. Eg er sikker på at Florø har gjort seg gode tankar rundt dette her, legg han til.

Jubla for opprykket

Fotballfesten i Florø.

FEST: Det blei sjølvsagt fest då Florø rykka opp til 1. divisjon.

Foto: TRULS KLEIVEN

Denne sesongen har Peter Aase og Simen Brekkhus vore utleigd frå Sogndal til Florø, og Flo trur på eit fruktbart samarbeid også i tida som kjem.

– Vi kan vere med på å utvikle kvarandre. Det er ein kompetanseutveksling mellom oss og det kan også vere spelarar vi har som kan vere attraktive for Florø i eit utdanningsløp. Det er potensial for mange positive synergiar i framtida, meiner han.

Flo var sjølv til stades på stadion i Florø søndag og jubla høgt då opprykket vart sikra.

– Det var kjempekjekt. Eg merka det sjølv, då den første scoringa kom, då var det spontan glede. Det er eit godt teikn på at vi har lyst til å få Florø opp i 1. divisjon, meiner han.

– Positivt for regionen

Det vil framleis skilje ein divisjon mellom Sogndal og Florø, og Flo reknar dei på ingen måte som rivalar slik situasjonen er no. For han handlar det meir om samarbeid om utviklinga av fotballen i fylket.

– Det vil vere svært positivt for regionen vår når vi får eit til lag opp i toppfotballen. Når Florø no kjem til 1. divisjon kan det vere ein god bidragsytar for spelarane som dei har der og som eventuelt skulle kome dit. Spelarane får kjent på toppfotballen, og på eit seinare tidspunkt når det passar kan dei kome til Sogndal og prøve seg enda eit hakk lenger oppe, fortel han.