NRK Meny
Normal

Skuldar ordførarkollega for barnslege utspel

Stryn-ordførar Sven Flo tek til motmæle mot det han kallar dritpakkar frå Hornindal-ordføraren i samband med grensejusteringa for grenda Kjøs. – Eg registrerer at han er skuffa, svarar Stig Olav Lødemel.

Sven Flo og Stig Olav Lødemel

ANSTRENGT SAMARBEIDSKLIMA: Sven Flo (til venstre) skildrar samarbeidsklimaet med kollegaen Stig Olav Lødemel som anstrengt for tida. Lødemel seier på si side at han ikkje oppfattar det på same måte.

Foto: Trond Vestre / NRK

Etter å ha halde lav profil i heile haust, kjenner Stryn-ordførar Sven Flo behov for å slå tilbake. I lokalavisa Fjordingen langar han ut mot ordførarkollegaen i nabokommunen. Til NRK gjentek han kritikken.

– Eg har valt å ha fokus på prosessen og å vere ryddig. Eg har ikkje ønskt å bruke media for å meine noko om vår nabo i nord. Men no synst eg det er rett og rimeleg å ta bladet frå munnen og fortelje om korleis vi føler prosessen har vore, seier Flo (H) til NRK.

Slik Stryn-ordføraren skildrar det er samarbeidsklimaet mellom han og ordføraren i Hornindal svært anstrengt. Bakgrunnen er spørsmålet om kva kommune Kjøs skal høyre til. Den saka blei avgjort før helga, då kommunalministeren varsla at Kjøs blir verande i Hornindal.

Når saka no er avgjort, har Flo lite godt å seie om korleis ordførarkollegaen i Hornindal har handtert prosessen. Til Fjordingen gir han tydeleg uttrykk for at tilliten til Stig Olav Lødemel (H) er blitt frynsete.

– Når det gjeld ein del av prosessane som har gått lokalt i Stryn og Hornindal må eg seie at blant anna hornindalsordføraren sine utspel er barnslege. Eg meiner han er utruleg lite reflektert og lite oppteken av ryddige prosessar når han går ut som han gjere. Når han seier Stryn og Fylkesmannen ikkje gjere jobben, at det er slett arbeid og definerer oss som udemokratiske, så seier det mykje om ordføraren i Hornindal, sa Flo til Fjordingen fredag.

Lødemel registrerer ordbruken til Flo i lokalavisa.

– Dette går veldig bra. Eg har ingen problem med dette, seier han til NRK.

Nektar for at dei vil «kare til seg land»

Ordførar Sven Flo i Stryn seier til NRK grensejusteringssaker er prega av kjensler, men held fast på at han og kommunen har vore opptekne av å vere ryddige.

Spørsmålet om grensejustering for Kjøs kom opp etter eit initiativ frå innbyggjarane, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane starta det formelle utgreiingsarbeidet i fjor sommar. Både Stryn og Hornindal vart då bedne om å kome med innspel. I ein kronikk i Fjordingen (ekstern lenke) skreiv Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel mellom anna:

Når eit samrøystes formannskap vel å støtte rådmannen si tilråding, på ei såpass tynn saksutgreiing, fortel det at iveren etter å «annektere» land og nye innbyggjarar totalt overskuggar det faktum at dei går inn for ei justering av grensa som fleirtalet av innbyggjarane i området er imot.

Stig Olav Lødemel, lesarinlegg i Fjordingen

Flo seier til NRK at han meiner Lødemel har kome med urimelege skuldingar dei siste månadane.

– Vi har blitt skulda for slett arbeid, for å ikkje vere faktabaserte og for å køyre udemokratiske prosessar. Vi har vore opptekne av å gje svar i ein prosess, men svara har falle i dårleg jord og det har blitt skapt ei oppfatning av at det einaste Stryn er ute etter er å kare til seg mest mogleg areal, og det er så hinsides som det berre kan vere.

– Flo er skuffa

Stig Olav Lødemel på si side tek kritikken frå ordførarkollegaen i Stryn med knusande ro.

– Eg registrerer at Sven Flo er skuffa over resultatet, og det må han få lov til vere.

– Du trur det er det dette handlar om?

– Det ser slik ut, ja.

Det nektar Flo for. Han viser til at det var innbyggjarane sjølve som tok initiativ til ei grensejustering.

– Vi har gitt innspel i saka. Vi har ikkje nådd gjennom, og det aksepterer vi, seier Flo.

Uaktuelt med nye diskusjonar om samanslåing

Lødemel er oppteken av å leggje saka bak seg.

– Flo har ikkje så mykje godt å seie om meg i dag, men vi får tru det kjem seg, seier Hornindal-ordføraren som i Fjordingen i dag kom med ein invitasjon til Sven Flo om nye diskusjonar om ei felles framtid.

Den invitasjonen er Flo fullstendig uinteressert i.

– Vi har ein nabo i nord som heiter Hornindal inntil vidare, som blir ein del av Volda. Vi skal ha gode relasjonar til våre naboar, men når vi blir utfordra om å gå inn i ein dialog om framtidig kommunesamarbeid eller samanslåing, så er det uaktuelt å gå inn i den diskusjonen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune