Hopp til innhold

Flo senka førebiletet sitt

I fjor var det Tore Andre Flo som senka seriemeister Molde 2-1. Laurdag vann Sogndal med same siffer. Då med Ulrik Flo (23) matchvinnar.

Tonny Brochmann Christensen, Henrik Furebotn, Ulrik Flo og Eirik Skaasheim

JUBEL: Tonny Brochmann Christensen (f.v.), Henrik Furebotn, målscorar Ulrik Flo og servitør Eirik Skaasheim jublar over 2-1-scoringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Trenar Jonas Olsson sine disiplar er framleis ubesigra seks kampar ut i årets eliteserie.

Laurdag kveld var det tidlegare sogndalspelar Even Hovland og Molde som fekk unngjelde.

– Det er først og fremst heilt sjukt deilig. Det var som om det sprakk ein ballong, seier Ulrik Flo.

Fekk kjempelegg

Even Hovland og Ulrik Flo

DUELL: I fjor spelte Even Hovland (t.v.) og Ulrik Flo på same lag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

23-åringen sitt første mål for sesongen kom med kvarteret att av kampen. Då hadde Mattias Moström gjeve gjestene leiinga til pause, medan Matrin Linnes sette ballen bak eigen keeper til utlikning.

Så slo Eirik Bergum Skaasheim eit perfekt legg frå høgrekanten som trefte pannebrasken til Flo.

– Det var eit kjempelegg. Akkurat perfekt mellom begge stopparane, og då var det berre for meg å plante hovudet på ballen. Det var ei forferdeleg deilig kjensle med masse liv på Campus. Det kunne ikkje vore betre, strålar stryningen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pyro på Fosshaugane

PYRO: Med over 4.700 tilskodarar på tribuna var det god stemning under toppkampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Såg ballen i nota

Flo sendte Sogndal til sølvplass - eitt poeng bak serieleiar Strømsgodset. Samstundes sytte han for årets første heimesiger. Framfor kring 4.700 elleville publikumarar.

– Eg veit at keeper blir trekt mot næraste når legget kjem dit. Det gjekk akkurat slik eg hadde tenkt meg, sjølv om eg var usikker på om han fekk fingrane på den. Då eg såg opp låg den i nota, gliser han og skimtar mot Molde-manager Ole Gunnar Solskjær som akkurat har kome ut frå garderoben.

– Vi var litt prega etter at vi kom under, og var veldig sugne på å snu det. Vi hadde ein god periode i andre omgang og det er ikkje noko som er betre enn å snu det på den måten der, jublar matchvinnar Ulrik Flo.

Førebilete

Som unggut var dåverande Manchester United-spiss Solskjær eit førebilete for Flo. Slik som onkel, og no medspelar, Tore Andre Flo.

– Det er spelarar med respekt og rutine. Det var var jo dei gutane der i England som var det store. Solskjær har gjort det bra med Molde og tok gull i sitt første år som manager, held 23-åringen fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

MFK-jubel på Fosshaugane.

LITE JUBEL: Supportarane og medspelarar jublar. Even Hovland heldt jubelen tilbake.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Gir frå oss initiativet

Men på Fosshaugane vart det altså nok ein gong null poeng for fjorårets beste bortelag. I fjor var Molde-stoppar Even Hovland sogndalspelar. Laurdag kveld måtte han sjå gamle lagkameratar takke for sist med å ta poenga.

– Vi gir Sogndal initiativet i andre omgang og då blir vi straffa. Vi må prestere betre over 90 minuttar på bortebane, og ikkje 45 minuttar som i dag, seier ein tydeleg skuffa Hovland.

Som forøvrig var tilbakehalden med jubelscenene då Moström tok føringa.

– Det hadde kanskje blitt annleis om eg hadde scora, seier han.

– Utruleg artig

Jonas Olsson

TOPPLAG: Under Jonas Olsson si leiing er Sogndal blitt eit topplag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Allereie etter to minutt kunne Ulrik Flo gjeve heimelaget 1-0. Men lobben vart for laus og Vegard Forren kunne klarere på streken. Likevel, med 12 poeng og sølvplass, har nedrykksdømde Sogndal så langt tre poeng meir enn på like mange kampar av den historiske 1988-sesongen. Då enda dei på sin hittil sterkaste plassering i serien, på sjetteplass.

Den beste sesongstarten hadde dei i 2003 med 13 poeng på dei seks første kampane. Etter ein svak haustsesong vart det åttandeplass i serien.

– Det er jo utruleg artig. Det er berre å håpe at dette held fram, for det er viktig at vi har nok poeng ved sesongslutt til at vi held plassen, seier trenar Jonas Olsson.