Hopp til innhold

Innbyttar-spissane herja med Enga - Sogndal vann

SOGNDAL (NRK): Sogndal sine spiss-innbyttarar Ulrik Flo og Ruben Holsæter sørga for ein svært sterk 2-0 siger til Sogndal mot Vålerenga.

Ruben Holsæter

MÅLSCORAR: Ruben Holsæter var ein av to spiss-innbytarar som sørga for heimesiger og tre nye poeng til Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

1-0 kom frå Ulrik Flo, som også no krev at noko blir gjort med kunstgraset på Fosshaugane. Bana er for hard og fører til sår og skadar, hevdar Flo. Då han kom inn på bana i 2. omgang scora han etter to minutt, men måtte gå ut med skade fem minutt seinare!

Spissen frå Stryn sat på reservebenken før oppgjeret mot Vålerenga torsdag kveld, til fordel for Kristian Fardal Opseth som fekk sjansen frå start i det tøffe oppgjeret. I 2. omgang vart han bytta ut til fordel for Flo. Og Ulrik kvitterte nesten på direkten. Eit strålande skot gjekk rett i mål, og han sørga dermed for leiing for Sogndal.

Ti minuttar før slutt punkterte Ruben Holsæter kampen då han auka til 2-0. Etter ein rotete situasjon framføre målet til Vålerenga, var Holsætere ute av balanse. Han fekk likevel tuppa ballen inn bak Vålerenga sin målmann

– Skade ikkje grunnen

Før kampen var assistenttrenaren og Ulrik Flo ikkje samde om kvifor sistnemnde måtte starte på benken.

– Vi gjer ein endring frå sist. Det er at Kristian Fardal Opseth startar og Ulrik Flo sit på benken. Ulrik har hatt ein periode no med slitasje i ein akilles og har fått det litt etter ein lang kampperiode no. Kristian har gjort det veldig bra på Sogndal 2 og seinast i siste heimekamp mot Sandnes/Ulf der han var heilt avgjerande og fortjener å få ein sjanse no, sa assistenttrenar Tom Mangersnes til NRK før kampen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tom Mangersnes før kampen mot Vålerenga

Når NRK møtte Ulrik Flo nokre ei stund før kampen verka han slett ikkje nøgd med avgjersla om at han må sitje på benken mot Vålerenga. Og han meiner at skade og slitasje på akillesen ikkje er nok grunn til å bli benka.

– Nei, det er ikkje skade. Det kan hende at han vurderer det slik at kroppen min er sliten og litt øm, men det er ikkje grunnen, sa Flo utan å utdjupe det meir.

Laster innhold, vennligst vent..

Kritisk til banetilhøva

Men han var samstundes svært når det gjeld banetilhøva på Fosshaugane. Etter at det blei bytta frå naturgras til kunstgras har det vore mykje spekulasjonar om tilhøva er gode nok. Det meiner Ulrik Flo at slett ikkje er tilfelle.

– Eg føler at Fosshaugane er byrja å bli ganske hard, underlaget har tæra på beina. Eg håpar at vi skal få inn noko meir granulat eller at dekket rett og slett blir skifta, seier ein uvanleg klar Ulrik Flo til NRK.

– Har de i spelargruppa teke dette opp med leiinga i klubben?

– Vi har ikkje teke det opp, men eg trur at Jonas Olsson er flink til å stå opp for oss i troppen når det slike ting. Eg veit at han har masa ein god del på det, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo før kampen mot Vålerenga

Meiner at noko bør gjerast

Han fryktar at det vil bli fleire skadar og stygge sår for spelarane, og han meiner at noko bør gjerast med bana snarast.

– I alle fall om det er slik at folk blir skadd av å spele på det. Underlaget er ganske hardt og kunstgraset er stivt. Det fører med seg at bakken er hard og at ein får friksjonssår. Eg synes det bør gjerast noko, sler Flo fast.

Dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal, seier til NRK at dette er noko han er nøydd til å kome tilbake til.

Karadas

SÅG GULT: Azar Karadas måtte tåle å sjå det gule kortet.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix