Hopp til innhold

Dei unge sogndalgutta synte styrke

Med Stian Dyngeland fra start, og eit solid innhopp frå Leif Lysne i mål, sytte dei unge med Ulrik Flo i spissen for fotballfest på Fosshaugane med 3-1 siger mot Stabæk.

Leif Lysne og Ulrik Flo

GLADE GUTAR: Leif Lysne fekk sin eliteseriedebut mot Stabæk, medan Ulrik Flo sytte for to skåringar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogndal - Stabæk 3-1 (Sogndal: Flo 5,53 - Brochman 64, Stabæk: Stokkelien 14)

For Dyngeland var dette debuten for start for A-laget, og for den unge lærdølen Leif Lysne var det eliteseriedebut. Han måtte inn i 2. omgang etter at Kenneth Udjus måtte gå ut med skade.

– Det var nesten heilt uverkeleg. Klart det var synd at eg måtte gå inn fordi Kenneth er skadd, men eg følte at eg hadde kontroll på det som skjedde. Det er jo mildt sagt eit litt anna nivå her enn for Sogndal 2 i 4. divisjon, sa ein svært nøgd Leif Lysne etter kampen.

Udjus slit med strekkskade

Udjus har slitt med ein strekk øvst i låret og har ikkje fått trent den siste veka.

– Eg prøvde meg i dag, men det var eigentleg ikkje nokon sjanse, så eg halta meg gjennom 1. omgang, sa Udjus til NRK etter kampen.

– Var du nervøs når du måtte overlate buret til eliteseriedebutanten Leif Lysne?

– Nei, men det er jo ikkje noko kjekt å gå av bana uansett. Eg er trygg på Leif og han har vore veldig god på trening. No har han fått debuten sin og han var veldig trygg og god bak i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tony Brochman

KLEMTE TIL: Tony Brochman tek imot jubelen frå lagkameratane etter 3-1-målet mot Stabæk.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Solid dansk dynamitt

Sogndal sin danske spelar, Tony Brochman Christensen, gjorde ein svært solid kamp og skåra også 3-1-målet som verkeleg punkterte kampen.

– Det var jo ei fin skåring! Eg fekk vite at Ulrik var heilt fri, så kanskje skulle eg ha spelt til han. Men så kikkar eg berre på ballen, finn nokre rom og driblar eit par mann, så sparkar eg berre ballen i mål. Det var deilig å sjå at den gjekk inn. Desse tre poenga var uhyre viktige for oss, meiner Brochman.

Han gler seg ikkje minst over ein svært solid laginnsats av Sogndal søndag kveld.

– Det er sjølvsagt deilig å få tre poeng igjen, og ikkje minst det at vi får skåra nokre mål i dag. Det var ein viktig kamp i dag og vi er svært nøgde med å få med oss alle tre poenga.

Jublande debutant

Sogndaltrenar Jonas Olsson valde å bruke Stian Dyngeland frå start mot Stabæk. Den tidlegare Fana-spelaren kom til Sogndal som student, men har hatt ei rivande utvikling. I vinter fekk han prøvd seg i Vestlandsmeisterskapen, i dag var han Olsson sitt førsteval.

Stian Dyngeland og Gustav Valsvik

SOLIDE UNGGUTAR: Stian Dyngeland (t.h.) og Gustav Valsvik leverte solid innsats mot Stabæk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ganske utruleg! For eit år sidan hadde eg knapt drømt om dette her. Eg satte og tenkte på det i dag tidleg at det har vore eit spesielt halvår for min del og tykkjer det er temmeleg fantastisk. Eg berre kosar meg.

– Kan du beskrive den kjensla det er å gå ut på bana og vite at du er blant dei 11 utvalde som får starte mot Stabæk?

– Eg fekk ganske sjokk når eg høyrde det, det var skikkeleg lykkerus. Eg hadde nesten litt lyst å skrike, men det er jo litt sånn rart i ei stor spelargruppe. Så eg stod berre og gliste litt for meg sjølv. Eg er utruleg glad for at eg får sjansen.

Jonas Olsson var svært nøgd med start-debuten til Dyngeland, og ikkje minst at han synte sterk moral og vilje særleg i starten av kampen.

– Kjem du til å bruke Dyngeland vidare framover?

– Det kjem eg garantert til å gjere, slo Olsson fast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo

JUBLANDE FLO: Ulrik Flo jublar for si første skåring mot Stabæk. Her saman med Henrik Furebotn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skåra to mål med skade

Ulrik Flo vart dagens mann på Fosshaugane med to solide nettkjenningar. Tidleg førre veke fekk han seg ein solid trøkk i sida i duell med Malick Mane på trening. Og store delar av kampen spelte han med store smerter, utan at det såg ut til å hindre den unge stryningen.

– Det var jo rett og slett utruleg godt å skåre mål att. Eg føler at heile laget har løfta seg, og at vi gjorde ein svært solid innsats mot Stabæk.

– I kva grad påverka skaden deg i kampen i dag?

– Eg kjende det heile tida, og det var jekla vondt før eg gjekk ut på bana. Men med smertestillande så gjekk det trass alt bra. Det er ein solid trøkk eg har fått, men det var heldigvis ikkje brotne ribbein, fortalde Flo til NRK.

Ikkje uroa over skadane

Fleire av Sogndalsspelarane har slitt med småskader den siste tida. I kampen mot Stabæk sat Ørjan Hopen på benken etter skaden han pådrog seg tidlegare i veka. Men Jonas Olsson er ikkje uroa over skadesituasjonen.

– Vi syner i dag at vi har ein solid tropp der vi kan erstatte dei som har skade med solide spelarar. Difor er eg ikkje spesielt uroa framover, meiner Olsson.

Etter sigeren mot Stabæk er Sogndal på 10. plass på tabellen, men det er svært jamt. To poeng ned til Odd-Grenland på kvalikplass, og tre poeng opp til Vålerenga på 6. plass.

– Det er lite som skiljer mellom spel i Europaligaen og kvalik til 1. divisjon, så her er alle poenga framover like viktige, slo Olsson fast etter kampen.