Flo og Bendik utan varige men - dette er laget som møter Viking

Sogndalspelarane Per Egil Flo og Joe Bendik er igjen klare for kamp etter MC-ulukka for halvanna veke sidan. Måndag kveld er dei med troppen som møter Viking på heimebane.

Per-Egil Flo og Joe Bendik

TILBAKE: Verken Per Egil Flo eller Joe Bendik har fått varige men etter MC-ulukka førre fredag. I kveld er dei klare for Viking.

Foto: Montasje

Turen til trening førre fredag enda i grøfta for dei to Sogndalspelarane. Etter at motorsykkelen dei to sat på velta, enda begge på sjukehus.

Desse er klare for Viking

Men vel ei veke seinare er begge tilbake utan varige men, og er klare for å møte Viking på Fosshaugane.

Trenar Harald Aabrekk har plukka ut dette laget framfor kampen.

Kenneth Udjus, Joe Bendik, Mats Goberg Solheim, Vegar Heggenes Gjermundstad, Isak Scheel, Gustav Valsvik, Per Egil Flo, Espen Næss Lund, Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen, Henrik Luggenes Furebotn, Barry Kader, Ole Jørgen Halvorsen, Eirik Skaasheim, Eirik Bakke, Ulrik Flo, Espen Olsen, Cato Hansen.

- Viktig oppgjer for begge lag

NRK Sogn og Fjordane sin fotballekspert, Jon Navarsete seier kampen mot Stavanger-laget vert viktig for begge lag. Ikkje sidan 1994 har Sogndal vunne mot Viking og det vert eit spennande oppgjer i kveld.

- Det handlar mykje om det mentale, og eg håpar Sogndal er modige og tek tak i kampen frå start, seier Navarsete.

Han meiner Viking er eit lag Sogndal kan slå, og håpar sogningane sin første siger denne sesongen kjem i kveld.

- Det er viktig for laget å få ein siger no, seier Navarsete.

- Sogndal vinn 2-1

For det har gått trådd med Sogndal så langt. Etter fem kampar har laget frå saftbygda berre éitt poeng og ligg heilt nedst på tabellen.

Viking har henta heim fire poeng og ligg to plassar før Sogndal.

- Sogndal har alt å vinne og må berre trø til, seier Navarsete.

Han oppmodar alle Sogndal-fans om å møte opp på Fosshaugane og tippar sjølv at laget til Harald Aabrekk hentar heim viktige poeng.

- Eg tippar Sogndal vinn 2-1.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.