Hopp til innhold

Flo må vente på comebacket

– Det var ikkje bruk for meg i dag, konstaterer Tore André Flo etter å ha sett Sogndal slå Sarpsborg 08 frå sidelinja.

Tore Andre Flo, Cato Hansen og Even Hovland.

MÅ VENTE: Tore André Flo må vente på gjensynet med eliteseriespel med Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mange av dei 2 812 tilskodarane hadde håpa på gjensyn med den tidlegare Chelsea- og Rangers-proffen.

Men comebacket 17 år etter at han reiste frå saftbygda, må vente. Det vart med oppvarminga dei siste 45 minutta.

– Når du først er med, så vil du spele. Men det var veldig artig. Det er ei stund sidan sist eg var så nærme ein skikkeleg fotballkamp, gliser han.

Glede og spenning

Stryningen spelte ein omgang i treningskampen mot 2. divisjonslaget Førde. Flo la opp for andre gong i 2009 etter å ha spelt 13 kampar for Milton Keynes Dons på nivå tre i engelsk fotball.

38-åringen scora 29 mål på 50 kampar for Sogndal frå 1993 til han reiste til Tromsø i 1994. Tre år seinare søkte han profftilværet i England.

– Hjartet skal alltid slå raskare når det nærmar seg kamp. Det var ei blanding av glede og spenning. Det er deilig å kjenne, smiler han etter å ha sett nye lagkameratar i gamleklubben ta tre viktige poeng i botnstriden.

– Veldig god kamp

– Eg tykte dei spelte ein veldig god kamp. Spesielt utover i andre omgang, legg han til.

Trenar Harald Aabrekk gjorde eitt byte under kampen då Ulrik Flo erstatta Espen Olsen på topp.

– Så lenge vi ikkje fekk fleire mål, så følet eg det var rett å prioritere å køyre inn for tre poeng. Det sat ganske godt utover i andre omgang. Eg var ikkje i posisjon til å bytte, seier Aabrekk om kvifor supercomebacket vart utsett.

Må vente

No må 38-åringen i alle fall vente til 24. juli når motstandar heiter Haugesund. Sidan det er ein bortekamp, vil heimepublikumet på Fosshaugane tidlegast få gjensyn med Flonaldo når Rosenborg kjem til bygda helga etter.

– Eg plukkar ut dei beste spelarane til kvar kamp. Det er min jobb. Først og fremst er han ein enorm ressurs i klubben med den rutinen og erfaring han har i trening. Skjult læring i treningssituasjon som er viktig. Det er litt å ta å kjenne på for Tore også. Så langt har det sett veldig lovande ut, seier Aabrekk.

– Så det kan bli nokre minuttar på Tore André Flo utover sesongen?

– Det kan det bli.