NRK Meny
Normal

Flo kjempar om «the double» i tsjekkisk fotball

Ny spelestil og språket vart ei tøff utfordring for Per-Egil Flo (28), då han melde overgang til tsjekkisk fotball i vinter.

Per Egil Flo - Slavia Praha

VEKK FRÅ MOLDE: Då kontrakten med Molde gjekk ut etter førre sesong valde Per-Egil Flo å forlata byen og sette kursen mot Tsjekkia og Slavia Praha.

Foto: Martin Maly / SK Slavia Prague

– No går det veldig bra, men i starten hadde eg utfordringar med både den nye spelestilen og språket spesielt. Det er ikkje så mange som snakkar engelsk her, seier Per-Egil Flo til NRK.

Frå 1. januar i år har han spelt for den tsjekkiske klubben Slavia Praha i den tsjekkiske toppdivisjonen. Stryningen brukte halvanna månad før han fekk debuten, men sidan har han blitt fast på laget som «nektar» å tapa.

Cupfinale på 17. mai

Sju kampar har det blitt i den raude og kvite drakta, og med Flo på bana er dei uovervunnen. Der har fem enda med siger og to har enda uavgjort.

– No går det veldig bra på fotballbana, men det er ikkje berre etter at eg har komme det har gått bra. Laget har ikkje tapt sidan den nye trenaren tok over, seier Flo.

Per Egil Flo - Slavia Praha

VENSTREBACK: Per Egil Flo har tatt over på venstrebacken i Slavia Praha, og har på sine åtte første kampar notert seg for ein målgjevande.

Foto: Martin Maly / SK Slavia Prague

Sist Slavia Praha tapte ein kamp var heilt tilbake i august 2016, då dei tapte 3–1 mot Viktoria Plzen. Hovudstadsklubben har mange seriemeisterskap bak seg, men dei siste åra har det gått tyngre. Men med sju kampar att av årets sesong ligg dei på andreplass, berre eitt poeng bak nemnde Viktoria Plzen.

– Vi må gjera jobben i dei kampane vi har att, så får vi håpa at dei avgjer poeng på eit tidspunkt, seier Flo.

I tillegg til kampen om seriegullet, skal dei også spela semifinale i cupen mot Zlín 25. april.

– Om vi tar oss til cupfinalen så vert den spelt 17. mai, seier Flo.

I Norge har han vunne både serie og cup med Molde, no kan han gjere det samen med Slavia Praha.

Eit steg opp

Per Egil Flo

STARTEN: Per-Egil Flo spelte 165 kampar og scora fem mål for Sogndal i perioden 2006 til 2013. Så gjekk han til Molde, der han spelte 78 kampar og scora seks mål, fram til 1. januar 2017.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Då Flo kom til Slavia Praha i januar signerte han for to og eitt halvt år. Overgangen frå norsk til tsjekkisk fotball har vore merkbar.

– Det er eit høgare tempo og ein meir direkte fotball der ein går rett i angrep og så tilbake i forsvar. I tillegg er det meir fysisk enn eg er vande med frå Norge, seier Flo.

På heimekampane er det stort sett over 15.000 tilskodarar som gjev god lyd frå seg.

– Det er veldig mykje trykk på stadion, både heime og borte så det er moro, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.