NRK Meny
Normal

Ulrik Flo har endeleg opna scoringskontoen

Etter stusslege eitt mål på dei elleve fyrste kampane, har det losna for Ulrik Flo. På dei siste fire kampane har hatt sett fem ballar gå i nettet.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Det løsnar for Ulrik Flo. Sjå reportasjen frå treningsfeltet her.

Ulrik Flo

LETTA: Ulrik Flo seier presset er vekke.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Starten var litt seig, men no har det blitt fem mål på dei siste fire kampane. Det kjennest godt, seier ein blid Ulrik Flo.

Han har fått ein del kritikk for å vera ein av årsakene til Sogndal si manglande emne til å scora mål. Men dei siste fire kampane har det verkeleg losna for stryningen.

  • Mot Aalesund i den 11. serierunden scora han to mål.
  • Mot Fredrikstad i den 12. serierunden scora han eitt mål.
  • Mot Stabæk i den 15. serierunden scora han to mål.

– Det er ikkje kjekt å vera spiss og ikkje scora mål. Det viktigaste er jo å ta tre poeng, kven som scorar er ikkje so viktig so lenge me vinn. Men det er fint å scora litt slik at ein slepp desse folka som masar om at «er det ikkje på tide at du scorar snart?».

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo

SO GLAD: vert ein stryning når han scorar for Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fantastisk opning, men so ...

Sogndal opna sesongen forrykande. Odd Grenland vart knust 4–0 på bortebane i serieopninga, og det skulle gå heilt til den sjuande runden før tapet kom.

Mot Stabæk var Flo i spissen då Sogndal slo laget frå Bærum 3–1 på Fosshaugane. Allereie etter fire minutt sat ballen klistra i nettet, og rett etter pause kom det eit nytt mål signert Ulrik Flo.

Leif Lysne og Ulrik Flo

GLISTE ETTER SIGER: Ulrik Flo (t.h.) og eliteseriedebutant Leif Lysne.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg slepp litt av presset, og føler at eg er blitt tryggare. Eg har ikkje so høge skuldrer som eg vanlegvis har hatt, og eg føler kanskje at eg er byrja å etablere meg litt.

Terping, terping, terping ...

Årsaka til at det no har losna for Flo kan ein annan Flo svare på.

– Det er ikkje rakettforsking. Han har heile tida konsentrert seg om detaljar og han har hatt gode treningsveker. Han har jobba mykje på eiga hand og terpa mykje etter trening. Og som gamal spiss so veit eg at det er ein viktig faktor at skuldrene blir senka, seier Håvard Flo, som er spelarutviklar i Sogndal.

Håvard Flo

– FORTENER DET: Håvard Flo seier Ulrik Flo fortener at det no ha løsna.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men han understrekar at det ikkje er noko «one-man-show».

Dei to blad Flo har stått mykje att på treningsfeltet og terpa avslutningar og bevegelsar. Det kan sjå ut som om det har gitt resultat.

– Når eg putta to mot Aalesund var eg ikkje heilt overbevist om at det hadde losna, men so scora eg i den neste kampen også, og då skjøna eg at det kom til å bli lettare.

Å toppe fjorårssesongen burde ikkje vera særleg vanskeleg for stryningen. Eitt mål vart det i 2011-sesongen.

– Målet var å score fem i år, men no må eg sjå etter titalet. Eg er i god form for tida.

– Litt sånn «bob-bob»

– Me har ikkje akkurat vassa i mål, so det er kjekt for laget at spissane scorar mål, seier Håvard Flo.

Trass i at scoringane stort sett uteblei dei fyrste elleve kampane, har Ulrik Flo fått tillit.

– Eg har starta kvar kamp, og sjølv om eg slite litt so vil Olsson ha meg med. Det er veldig fint å vera fast på laget, seier Ulrik Flo.

Sogndal gjekk utan siger i åtte kampar før den etterlengta trepoengaren kom mot Stabæk søndag. Det gjer sitt for humøret, seier Flo.

– Det å gå på jobb har vore litt sånn «bob-bob», men dei tre poenga i går hjelper veldig på det, seier han.