Hopp til innhold

Flo har lagt Drammen for sine føter

14 år i Strømsgodset har gjeve Jostein Flo heltestatus som få i Drammen.

Jostein Flo

DEN STØRSTE: - Jostein er ein stor profil, men har alltid tenkt klubb og vore lojal i høve til den jobben har gjer for Strømsgodset. Det er ikkje sjølvsagt i ein meir grisk og kapitalretta fotballverd, seier Joakim Bjørklund, leiar i Godsetunionen om Jostein Flo.

Foto: Mari Hvamb / NRK

Supporterane rosar den tidlegare landslagsspissen opp i skyene som sportsdirektør.

For mange, er den 194 centimeter høge stryningen med 120 mål på 186 kampar for Strømsgodset, det beste som har skjedd i drammensklubben.

- For min del, dersom han held fram som no, så kan han halde fram til han må berast ut av SIF-huset, seier leiar i Godsetunionen, Joakim Bjørklund.

- Største vi har hatt

Etter 19 magre år på fotballfronten, kunne drammensarane juble over trofé då Follo vart slått 2-0 i cupfinalen. Det femte i rekka. Rett nok var motstanden ikkje av same kaliber som i 1991 då Rosenborg vart slått 3-2 på Ullevaal.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Se målene til Strømsgodset i Cupfinalen

CUPMEISTRAR: Strømsgodset overbeviste ikkje, men vart cupmeistrar med 2-0 over Follo på Ullevaal.

Men trofé er trofé. Og spesielt når det har gått nær 20 år sidan sist. No meiner mange med hjarte i drammensklubben at Jostein Flo er meir legendarisk enn storscoraren Steinar Pettersen.

- Dei lærde stridast om han er større en Steinar P, men totalt sett er det få menneske som har betydd meir for Strømsgodset enn Jostein Flo. Mellom dagens supporterar er han den største vi har hatt, seier Bjørklund.

Best i Norge

Supporterane er nok ikkje heilt objektive, men fleire meiner bastant å sitte med den beste klubbdirektøren i landet.

- Som klubbdirektør har han vist at han er norges beste. Punktum. Det er ikkje noko å diskutere i nasjonal samanheng. Dei som seier noko anna snakker mot betre viten. Det er kanskje Kjetil Siem i Vålerenga som kan konkurrere men han hadde mykje større summar å operere med enn det Jostein Flo har hatt, seier Bjørklund.

Avgrensa midlar

Han framhevar måten Strømsgodset har forvalta ressursane med Flo som sportsdirektør. Allereie same året Flo tok til som sportsdirektør, i 1996, tok klubben steget opp i eliteserien.

Med eit budsjett på 45,5 millionar kroner gjekk Strømsgodset inn i 2010-sesongen med eitt av dei minste budsjetta i eliteserien. Det er til dømes kring ein fjerdedel av budsjettet til Rosenborg og kring ein tredjedel av Brann sitt budsjett.

Med eliteseriens yngste stall kjempa blåtrøyene lenge om medalje i eliteserien. Det vart til slutt sjuendeplass i serien - og cupmeisterskap.

- Det handlar om å få mest mogeleg ut av dei kronene du har til disposisjon og det har Jostein gjort til gagns. Berre sjå kvar Godset er i høve til ressursane, seier Bjørklund.

- Veldig god jobb

Avgrensa midlar dei siste åra har tvunge Strømsgodset til å satse på unge talent. Noko dei også har lukkast med, seier NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken.

Den tidlegare landslagskameraten til Flo trur Godsetunionen framleis er påverka av cuptriumfen. Men han er samd i at stryningen har gjort ein god jobb.

- Jostein gjer ein veldig god jobb kvar einaste dag. Han har gått inn i jobben vitande om at det å vere sportsleg ansvarleg ikkje berre er ein jobb. Det er ein livsstil der du må gje av deg sjølv 24 timar i døgnet, seier Løken.

Fornuftig start

Strømsgodset var mellom klubbane som i byrjinga av månaden fekk refs frå Norges Fotballforbund for økonomistyringa .

Til Drammens Tidende seier dagleg leiar Erik Espeseth at salet av spisstalentet Marcus Pedersen til Vitesse Arnheim, nye sponsoravtalar og cupsuksessen gjer at klubben likevel vil levere positivt resultat og eigenkapital.

Løken seier at han berre har sett utviklinga til drammensklubben frå utsida, men er samd i at Flo har truffe mange blink frå direktørstolen.

Ikkje minst med tanke på ungdomssatsinga.

- Det er sjølvsagt ein naudsynt politikk som norsk fotball er blitt. Strømsgodset har starta på noko veldig fornuftig. Ein må satse ungt og på eigenutvikla spelarar. Det går ikkje lenger å kjøpe dyrt frå utlandet. Strømsgodset har fleire unge spelarar som lovar godt for framtida, seier Løken.

Nyfiken på Jostein Flo sin reaksjon på godorda? Høyr føremiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane onsdag frå klokka 11.03 i nettradioen .

Video Strømsgodset feiret cupfinaleseieren 2010

CUPMEISTRAR: Slik feira Strømsgodset cupfinalesigeren over Follo.