NRK Meny
Normal

«Vi fann ut at nokre av spelarane ikkje var fødde då eg sist var her»

Tore André Flo fekk spele den siste halvtimen då Sogndal spelte 1-1 mot Rosenborg. Og han viste glimt av gammal storleik.

Tore André Flo takkar publikum etter comebacket

NØGD: Tore André Flo var nøgd med eitt poeng mot Rosenborg. Sjølv viste han teikn til gamle kunstar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var ganske kjekt å vere med. Og det var sterkt at vi kom tilbake og fekk poeng mot Rosenborg, seier Tore André Flo til NRK.no.

Det har lenge vore knytt stor spenning til at Flo skulle gjere comeback i norsk toppfotball, og laurdag kveld skjedde det:

Etter om lag eit kvarters spel i andre omgang, kom den gamle landslagshelten inn på bana for Ulrik Flo.

– Noko av ballkjensla er iallfall der

Då gjekk det eit brus gjennom publikum på Fosshaugane, før jubelen sleppte laus for alvor.

– Du har litt forventingar på deg...

– Ja, det jo litt spesielt for ein 38-åring. Men det var kjekt, seier Flo.

– Kva med din eigen innsats?

– Noko av ballkjensla er der, iallfall. Det er meir pust og hurtigheit det kan skorte litt på av og til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore André Flo gjer comeback. Kjem inn for Ulrik Flo.

HISTORISK AUGNEBLINK: 17 år etter at sist spelte for Sogndal, kom Tore André Flo på bana og erstatta Ulrik Flo den siste halvtimen av kampen mot Rosenborg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– No ventar vi berre på Jostein...

Tore André Flo var ikkje veldig mykje borti ballen, men dei gongane han var det - ja, då viste han prov på gamle ferdigheiter.

Mellom anna serverte han eit par flotte finessar i samspel med Ole Jørgen Halvorsen.

– Det er kult. Tore André er kvikk i kroppen, og ein god spelar. Eg likar å spele med han og «vegge» med han. Vi har god forståing og samspel, seier Halvorsen.

– Han er heilt fantastisk. No er det berre vente på Jostein og Kjell Rune, så er heile greia komplett, ler Terje Skjeldestad.

Scora sist han spelte i Sogndal

Sjølv er Flo mest oppteken av at Sogndal klarte å få med seg eitt poeng.

Men: Det er 17 år sidan han sist spelte for klubben. Den gongen stod HamKam på andre banehalvdelen, og Flo scora Sogndal sitt mål i 1-2-tapet på Fosshaugane.

– Vi fann ut at nokre av spelarane ikkje var fødde ein gong, då eg spelte her sist. Klart det er spesielt, smiler stryningen.

No lovar han å stå på for Sogndal utover hausten.

– Det gir ekstra god stemning med poeng mot Rosenborg, seier han.

LES OGSÅ: Dansk spelar på veg til Sogndal

Tore André Flo i comebacket for Sogndal

I KJENT STIL: Tore André Flo kan framleis spele fotball...

Foto: Rune Fossum / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser