Hopp til innhold

Flo comeback med scoring

- Det var utruleg deilig å vere attende, jublar stryningen Ulrik Flo etter å ha spelt sin første fotballkamp på over halvanna år.

Ulrik Flo

Ulrik Flo er attende på fotballbana.

Foto: Arve Uglum / NRK

I treningskampen mot Start kom midtbanespelaren inn som innbyttar for Espen Olsen i pausen. 17 minutt seinare utlikna han Start-spelar Geir Ludvig Fevang si scoring fire minutt før pause.

LES OGSÅ: Heller ikkje Start slo Sogndal

- Eg merka at det er lenge sidan eg har spelt fotballkamp. Det var tyngre enn eg hugsa. Men det var artig. Og deilig å få nettkjenning i første kampen på så lang tid, seier han.

- Var veldig tungt

Flo har slite med "Gilmores Groin" (idrettsbrokk) og ein ankelskade det siste halvanna året.

- Det har vore tungt denne tida. Det har blitt veldig mykje individuell trening og det går ein fort lei av, seier 20-åringen. Scoringa kom etter pasning frå kaptein Rune Bolseth. Flo dribla seg gjennom forsvaret og plasserte ballen forbi Start-keeperen.

Spent Hjelmhaug

Oppgjeret var Sogndal sin første kamp på naturgras i år. Assistenttrenar Ole Hjelmhaug var spent på korleis spelarane ville takle overgangen frå kunstgrasdekke.

- Men spelarane viste god vilje og tæl. Vi følgjer stort sett det vi har øvd på og er nøgde med store delar av kampen, seier han. Sogndal og Start hadde kvar sine periodar der dei dominerte kampen og begge lag hadde sjansar nok til å knipe sigeren.

- No får vi betalt

Sogndal er no seks treningskampar utan tap. Neste motstandar på La Manga heiter Nybergsund Trysil, eit lag dei tidlegare i år spelte 3-3 mot.

- Vi har ein spelestil som er godt innarbeidd gjennom to år, og det viser at arbeidet vi har lagt til grunn der får vi resultat for. Laget fungerer veldig godt. Litt småplukk som må ta vekk før seriestart, men for all del, vi er godt på veg, seier Hjelmhaug.

Testa ny spiss

Sogndal nytta høve til å teste ut 22 år gamle Steven Morrissey frå Jamaica. Spissen fekk dei siste 21 minuttane som innbyttar. 22-åringen har kampar på aldersfastlagd landslag i heimlandet, og har også vore innom A-landslaget. Han spelar på Portmore United. Leiinga i Sogndal i løpet av kort tid avgjere om dei vil sikre seg tenestene til Morrissey.

- Han er ein typisk bakromsspiss. Han er liten, rask og har god avslutningsfot og kunne scora i dag. Han viste seg fram på ein ok måte så får sjå kva som skjer, seier Hjelmhaug.

Uvisst om Stadheim

Det er heller inga avklaring om Anders Stadheim. Midtbanespelarane har slite med skade og stod over i oppgjeret mot Start.

- Vi er i dialog, så får sjå når vi kjem heim korleis det endar. Vi er positive og han er positiv, samstundes har det også litt med økonomi å gjere. Vi må ta ei heilskapsvurdering når vi kjem heim, seier Hjelmhaug.