Flo-comeback heilt i det blå

- Dette er heilt vilt. Vi har ikkje bestemt om vi skal flytte tilbake til Sogndal, seier Tore André Flo - lett rysta over meldingane om at han er klar for comeback.

Tore André Flo
Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

- Dersom vi skulle flytte tilbake har eg lyst til å bidra i Sogndal på ein eller annan måte. Om det er på eller utanfor bana er usikkert. Men det er veldig langt fram til eit eventuelt comeback på bana for meg, seier Tore Andre Flo på telefon frå London.

Telefonen har verkeleg fått gjennomgå etter at Sogn Avis meldte at han kom til å gjera comeback for Sogndal til sommaren.

- Vi vil gjerne vere med i Sogndal-miljøet, men først må vi bestemme oss for om vi flytter heim. Den avgjerda tek vi i løpet av eit par månader, legg han til.

Kontrakten er underteikna

Tysdag var sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling i London og skreiv kontrakt med Flo ut 2011. Flo har kjøpt husvære og skaffa barnehageplass i Sogndal, men seier han og kona Randi framleis ikkje har bestemt som for om dei flytter. Og dersom dei gjer det blir det ikkje før sommaren.


Fristen for å signere nye spelarar til fotballklubbane går ut 1. april, og difor vart kontrakten skriven alt no, seier Fylling.

Klar før 1. august

- Vi har fått signal om han kanskje skal flytte heim. Han har trent med oss i vinter og gjort det bra, og når ein slik kapasitet kanskje flytter hit er vi frampå . Vi ville sikre oss ei kontrakt slik at han blir speleklar for oss før det neste overgangsvindauget opnar 1. august. Vi har gjort det slik for at han teknisk sett skal vere speleberettiga om han kjem, så får vi berre håpe at han gjer det.

- Veit de om han flytter til Sogndal?

- Nei, det gjer me ikkje. Han er gift og har fem ungar, så denne beslutninga må familien ta. Vi vil ikkje presse på, seier Fylling.

Tore André Flo og Nadya Khamitskaya

DANSEFOT: Flo har i det siste gjort seg gjeldande på andre arenaer enn fotballbana. Her frå 'Skal vi danse' i 2008.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Tredje comeback?


Tore Andre Flo har spelt toppseriefotball i Norge, England, Skottland og Italia, for klubbar som Chesea, Rangers, Sunderland og Siena. Han har skåra 23 mål på 76 landskampar, den siste i 2004. Sidan den gong har han lagt opp to gonger, sist etter 13 mållause kampar for Milton Keynes Dons på tredje nivå i England. Det var for to år sidan.


- No er eg ikkje i nærleiken av å vere i den formen eliteseriespelarar har. Eg er 38 år og har ingen ambisjonar om å ta plassen til ein 20-åring, seier Flo.

Fylling håpar

Trass i alt Flo seier, har Fylling framleis eit håp om at han kan sende Flo på bana for Sogndal i eliteserien utpå sommaren.


- Han er skadefri og har vore det i to år. Han er 38 år og det er fleire som har gjort comeback i høgare alder enn det. Ut over det har han ein fantastisk CV og utrulege ferdigheiter. Han kan bli ein fantastisk rollemodell for dei unge spelarane våre, seier Fylling.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.