NRK Meny

Flinkast til å betale årsavgift

Folk i Sogn og Fjordane er flinkast i landet til å betala årsavgifta på bilen i tide. Det syner tal frå skatteetaten. På landsbasis manglar det betaling for nær 300 000 køyretøy innan fristen. Det er 7,64 prosent. For Sogn og Fjordane er talet på manglande betalingar 5,92 prosent, som er lågast i landet, men ein oppgang frå i fjor. Enklare sagt, 5183 køyretøy har fått purring.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.