Flest minstepensjonistar i landet

Sogn og Fjordane har den høgaste andelen minstepensjonistar i landet.

 

Minstepensjonist
Foto: Scanpix / SCANPIX

Her i fylket er heile 37 prosent av pensjonistane minstepensjonistar, landssnittet er 28 prosent.

Dette kjem truleg av at folk er eldre her i fylket enn elles i landet, seier Anne Kristin Kayser i NAV.

Ho understrekar samstundes at det vert stadig færre minstepensjonistar.