Hopp til innhold

Fleirtalet seier ja til å slå Eid og Gloppen saman

SANDANE (NRK): Resultatet var kanskje mest overraskande i Sp-bastionen Gloppen, der også redaktøren i ei av avisene no løftar på sløret.

Bjørn Grov

FOR SAMANSLÅING: Redaktør i Firda Tidend, Bjørn Grov, stiller seg bak fleirtalet i undersøkinga han sjølv har vore med på å dra i gang.

Foto: Bård Siem / NRK

For avisene Firda Tidend i Gloppen og Fjordabladet i Eid står bak ei ny undersøking. 400 personar er spurte i kvar av dei to kommunane om kva dei meiner. Bør Eid og Gloppen slå seg saman?

I Eid meiner 66 prosent ja, medan 18 prosent er imot. I Gloppen er fleirtalet litt mindre klart. 52 prosent vil ha samanslåing, 33 prosent seier nei.

Overraskande stort

Fleirtalet i Senterparti-bastionen Gloppen er likevel klart, og kanskje overraskande for nokre.

– Eg er vel ikkje spesielt overraska over at det er fleirtal. Eg har ei stund følt at folk er på gli, men at fleirtalet er så stort kjem nok litt overraskande, seier redaktør i Firda Tidend, Bjørn Grov.

Sandane

FLEST SEIER JA: I Gloppen. Men framleis seier mange nei til kommunesamanslåing.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Og sjølv om Grov seier tendensen fort kan snu, meiner han undersøkinga er solid.

– Eg trur denne undersøkinga er veldig representativ. Her er gjort 400 intervju i kvar kommune, så kring kvar tiande røysteføre er spurt, seier han.

– Kva meiner du då?

– Skal eg være ærleg på dette? Eg meiner det mest framtidsretta er å gå i lag. Det vil utgjere ei sterkare eining midt i Nordfjord, og det treng vi.

– God distriktspolitikk

Også fungerande ordførar i Gloppen, Magni Aa-Berge (Sp) vil stemme ja i folkerøystinga. Ho registrerer eit ganske tydelege fleirtal i undersøkinga.

– Eg har sett og følt at det i Gloppen er ei rørsle når det gjeld dette. Men dette er berre ei meiningsmåling, dette kan ha fleire utgangar.

At ho er Senterparti-politikar er ikkje noko hinder for å vere for samanslåing.

– I alle parti sprikar det i alle retningar når det gjeld kommunesamanslåing. Eg meiner dette er god distriktspolitikk, seier Aa-Berge.

Nordfjordeid

KLART FLEIRTAL: 66 prosent av dei spurte i Eid kommune vil slå seg saman med Gloppen.

Foto: Silje Guddal / NRK

85 prosent vil røyste

Det som overraskar redaktør i Fjordabladet, Tormod Flatebø, mest er at meir enn fire av fem seier dei vil gå til valurnene.

Tormod Flatebø viser fram den nye nettsida til Fjordabladet

SPENT PÅ OPPSLUTNINGA: Redaktør i Fjordabladet, Tormod Flatebø.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Sjølv om eg har slutta å tru på julenissen for ei tid tilbake, så seier undersøkinga at totalt 85 prosent som ønskjer å stemme ved dette valet. Eg trur dette er eit vel høgt tal.

For Flatebø verkar det som at dei har lukkast med å skape større engasjement gjennom undersøkinga, og han håpar det blir høg valdeltaking.

– Det vil vere med på å gi politikarane eit godt råd, eit råd som står seg. Eg håpar inderleg at vi unngår å kome i ein slik situasjon som dei hadde i Vågsøy, der ein av fire røysta. Det er mildt sagt ei katastrofe.