Hopp til innhold

Her stemmer dei - fleirtalet meiner salsvedtaket er lovleg

HERMANSVERK (NRK): Med 18 mot 13 røyster har fylkespolitikarane vedteke at behandlinga av Fjord1-saka i førre fylkesting var lovleg og forsvarleg.

Avstemming frå fylkestinget 18. desember

AVSTEMMING: Fleirtalet i fylkestinget meiner vedtaket om sal av Fjord1-aksane til Torghatten var lovleg og at politikarane hadde nok informasjon til å ta ei avgjerd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Saka blir no oversend til Kommunaldepartementet for endeleg lovlegkontroll.

Fleirtalet i dag er større enn i sjølve salsvedtaket, der Høgre si fylkestinggruppe splitta seg. I dag støtta alle representantane dagens vedtak. Behandlinga av lovlegkontroll var gjenstand for ein heftig debatt over fleire timar i ettermiddag.

Det er eit splitta fylkesting som har stemt over salsvedtaket der Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 er selde til Torghatten. På mange vis var politikarane samde om å vere usamde.

– Vi har handsama lovlegkontrollen og fleirtalet har sagt at dette er eit lovleg vedtak. Fylkestinget meier vi har hatt nok opplysningar til å handsame Fjord1-saka, no går saka til Kommunaldepartementet, seier fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet.

Jenny Følling

LOVLEG VEDTAK: Fylkesordførarar Jenny Følling frå Senterpartiet seier alle no må halde seg til at fleirtalet meiner salsvedtaket var lovleg og forsvarleg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Fleirtalet bestemmer

På spørsmål om korleis det er å leie eit organ som no er så delt på midten, svarar ho slik.

– Det er slik det er i folkevalde organ at det er eit fleirtal og mindretal. Slik er det i denne saka, og slik er det ofte når Sp og Ap deler seg, seier Følling.

Mindretalet meiner framleis at fylkespolitikarane hadde for lite informasjon og var for dårleg opplyste då dei fleirtalet i fylkestinget gjekk inn for å selje Fjord1-aksjane på møtet 23. november. Følling seier no må halde seg til vedtaket som er fatta av fleirtalet i dag.

– Det er slik at det alltid er at fleirtalet bestemmer. Fleirtalet har i dag sagt at vi har hatt nok opplysningar, at vedtaket er lovleg, så det er det som gjeld, er den kontante beskjeden frå fylkesordføraren.

Ap: – Som forventa

Hilmar Høl

FATTIG GRUNNLAG: Ap-leiar i Sogn og Fjordane, Hilmar Høl, held fast på at han meiner salsvedtaket vart gjort på eit for dårleg grunnlag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fylkesleiar for Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, er ikkje overraska over vedtaket fleirtalet gjekk for.

– Det var eit greitt møte. Vi hadde ikkje forventa at vi skulle greie snu nokon i forhold til lovlegkontrollen, seier Høl.

Han held framleis fast på at fylkestingspolitikarane visste for lite fram mot fylkestingmøtet den 23. november, der dei fatta vedtak om sal. No må han ta dagens vedtak til etterretning.

– Fylkestinget var så delt på midten som det går an. Det er klart ein då har ulik oppfatning av kva som er rett og feil. Vi meiner framleis av vedtaket var fatta på fattig grunnlag, seier Ap-leiaren.