Hopp til innhold

Fleirtal mot sal av Fjord1

Fleirtalet i fylkesutvalet med SV, Ap og Sp vil ikkje nytte forkjøpsretten til aksjane i Fjord1, og vil behalde dei 59 prosentane som Sogn og Fjordane har i dag.

Fylkesutvalet

MØTE I FYLKESUTVALET: I dag var utvalet samla for å komme med tilråding til fylkestinget.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fleirtalet i fylkesutvalet- SV, AP og SP vil ikkje nytte forkjøpsretten til aksjane i Fjord1, og vil behalde dei 59 prosentane som Sogn og Fjordane har i dag.

Med same vedtak også i Fylkestinget førstkommande torsdag, er alt klart for at reiarlaget Havila kjem inn på eigarsida.

– Vi ynskjer ei hand med på rattet for å drive og utvikle selskapet vidare, seier Jenny Følling (Sp).

Splitta utval

Det var eit splitta fylkesutval som i dag sette seg til bordet for å avgjere om dei vil nytte forkjøpsretten til å kjøpe opp Møre og Romsdal fylkeskommune sine 41 prosent av aksjane.

Reiarlaget Havila står klar til å kjøpe aksjane for 362 millionar kroner. Ingen gjekk inn for framlegget frå fylkesrådmann Jan Øhlckers om å selje seg ned. Derimot splitta dei seg i om ein skal sitje med same eigarpost som i dag, eller å nytte forkjøpsretten.

– Eg vil også at hovudkontoret framleis skal liggje i Florø og å behalde 100 prosent eigarskap for at det skal utvikle seg her i fylket eit levedyktig selskap som eg har all mogleg grunn til å tru skal klare seg og vere ein god bidragsytar inn i fylkeskommunen i framtida, seier Gunnvor Sunde, som er uavhengig politikar.

Mindretalet splitta

Sunde utgjorde saman med Venstre, Høgre og FrP mindretalet som vil nytte forkjøpsretten. Ho var også einaste av mindretalet som ynskjer at fylkeskommunen skal eige Fjord1 100 prosent.

Både Venstre, Høgre og FrP ynskjer å førebu sal av heile- eller delar av aksjeposten på eit seinare tidspunkt.

– Det er fordi at alle dei faglege råda vi har fått, vi har tatt inn konsulentar og fylkesrådmannen er klar og tydeleg på at dette er eit betre alternativ for å sikre innbyggjarane sine verdiar, sikre at vi som fylkeskommune forvaltar verdiane vi er sett til å forvalte på ein best mogleg måte, seier Frank Willy Djuvik (FrP).

Kan få meir pengar

– Betyr det at de eigentleg ikkje er nøgde med Havila sitt tilbod og at de reknar med å få meir pengar om det gjer det på ein anna måte?

– Ja, det er ein av grunnane. Etter av dei råda vi har fått så er det meir lukrativt, både med tanke på å trygge arbeidsplassar og å få meir pengar for det. Det står også i saksframstillinga a at det er fleire interessentar som kan vere interessent i å gå inn i Fjord1. Så kan vi eventuelt selje ut prosentdel seinare og få meir pengar for det, seier Mathias Råheim (H).

– Ikkje berre pengar

Fylkesrådmann Jan Øhlckers si saksutgreiing har heile vegen vore unnateke offentlegheit .

LES HEILE UTGREIINGA HER

Fredag rådde professor i transportøkonomi Arild Hervik politikarane til å kvitte seg med aksjane i Fjord1 . Dette rådet ville ikkje politikarane lytte til.

– Det handlar ikkje berre om pengar, men også å gjere fylket attraktivt og skape gode og trygge arbeidsplassar. I den samband så er selskapet veldig viktig. Det hjelper ikkje å ha pengar om ein ikkje har arbeidsplassar, seier Norvall Nøringset (SV).

Stor risiko

Samstundes er det raudgrøne fleirtalet klare på at det er minst risiko å halde aksjeposten som i dag, med ein industriell samarbeidspartnar.

Dei meiner det er størst risiko knytt til mindretalsframlegget om å kjøpe, for så å selje.

– Det er risiko for å setje soliditeten til Fjord1 i spel, risiko for verdiane som er i fylket og ikkje minst det at vi har eit konsern med hovudleiing i fylket og dei er det ikkje mange av, seier Åshild Kjelsnes.

Trur på Havila

Følling seier dei oppfattar Havila som ein seriøs aktør som ynskjer å utvikle selskapet i same retning som fylkeskommunen.

I saksutgreiinga til fylkesrådmannen kjem det fram at det er fleire interessentar som ynskjer å gå inn i Fjord1. Uvissa kring kven dette er, gjer at politikarane vegrar frå framlegget til mindretalet - og å selje aksjar.

– Det kan vere konkurrent som kjem inn for å skvise selskapet, ta ut verdiane og stikke av. Dette aner vi ingenting om. Fjord1 har kompetanse ikkje minst på gassferje og det kan vere at nokon kjem inn for å hente den kompetansen og så stikk av, seier Nøringset.

Fryktar for arbeidsplassar

Djuvik (FrP) på si side meiner framlegget om å førebu framtidig sal, vli vere med på å sikre størst avkastning og vil gi størst mogleg utbyte frå selskapet.

Verken Marit Barsnes Krogsæter (V) eller Råheim (H) kjenner seg trygge på at Havila vil behalde arbeidsplassane i Florø, sjølv om dei har sagt at både hovudkontor og leiing framleis skal vere i kystbyen.

– Det vi kan risikere med fleirtalet i dag, er at vi sit att utan særleg med arbeidsplassar, og at fylkeskommunen kan tape massevis av pengar, seier Råheim.