Hopp til innhold

Fleirtal mot likekjønna ekteskap

Forkjemparane for homofil vigsel fekk utteljing ved valet til bispedømerådet, men det er no eit fleirtal for eit konservativt syn i denne saka i Bjørgvin.

Inger Helene Nordeide

EINSLEG SVALE: Av dei fire som etter kyrkjevalet vart valt inn til bisperådet, er Inger Helene Nordeide frå Førde åleine om å vere mot homofil vigsel.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Oppdatert 29. august 2017: Fire av sju av dei som blei valde til bispedømerådet har no eit konservativt syn på likekjønna ekteskap, og støttar dermed biskopen sitt syn i denne saka.

__________________________________________

– No ser eg at det dreg i ei anna retning og då må vi gjere det beste vi kan og aldri forlate gjensidig respekt eller toleranse, seier ho til NRK.no.

Biskopen manar til forsoning

Halvor Nordhaug

ØNSKJER FORSONING: Biskop Halvor Nordhaug ønskjer ro i rekkjene etter eit opprivande val.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Men framleis står det att å velje tre representantar gjennom sokneråda. Alle desse må vere for homofil vigsel dersom dèt synet skal få fleirtal i bisperådet.

Rådet består nemleg av ti representantar, sju av dei er vanlege medlemmer av kyrkja, men berre fire av dei er klare. Kyrkja har òg sine tre representantar og alle desse er mot homofil vigsel. Dermed er den konservative fløya framleis i overtal, når tre representantar står att. Kven det blir veit vi først den 1. desember.

Etter ein opprivande periode manar biskopen til forsoning mellom to steile frontar. Sjølv er han mot homofil vigsel, men i eit intervju med Vårt Land kjem han forkjemparane oppsiktsvekkande langt i møte.

– Det er ikkje sikkert at vi konservative har rett, såpass audmjuke må vi vere når vi ser på kyrkjehistoria og til dømes korleis plassen til kvinnene har blitt vurdert i kyrkja, sa han til avisa i går.

Trur ikkje på ei splitta kyrkje

Dei tre representantane som er for homofil vigsel er Nora Sætre Baartvedt frå Voss, Karl Johan Kirkebø frå Bønes og Vemund Atle Øiestad frå Stryn.

Øiestad meiner begge syn kan grunngjevast teologisk, men at han fall ned på den sida som ønskjer dei homofile velkomen til altertavla.

Han trur folk opplever at kyrkja har vore for dominert av konservative haldningar. Homofil vigsel har blitt den store symbolsaka og oppslutninga til kyrkjevalet viser at det engasjerer mange.

Men han trur ikkje saka har sprengkraft nok til å splitte kyrkja i to.

– Det er andre ting som held kyrkja i hop enn akkurat den saka der, seier Øiestad.