Hopp til innhold

Fleire transportselskap blir melde til politiet for alvorlege tekniske manglar

I 2014 vart 4,9 prosent av dei kontrollerte tyngre køyretøya i Hordaland og Sogn og Fjordane i så dårleg teknisk stand at sakene vart melde til politiet. Det er ein kraftig auke frå året før.

Vogntog har køyrt seg fast

FLEIRE MED ALVORLEGE MANGLAR: Statens vegvesen har registrert fleire vogntog og trailerar med alvorlege manglar enn i 2013. Arkivfoto.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

I 2013 var det 3,4 prosent av køyretøya som hadde så alvorleg tekniske manglar. Seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen trur dårleg økonomi i mange transportselskap er årsaka til auken.

– Vi får fleire aktørar som merkar økonomien hardare på kroppen etter kvart, kanskje etter å ha køyrt med prisar som ikkje dekkjer kostnadene.

Færre brot på køyre- og kviletid

Gausdal er leiar for eit kontrolldistrikt som strekkjer seg frå Seljestad på E134 over Haukeli i sør til Nordfjord i nord. I 2014 vart i alt 8376 køyretøy stansa og kontrollerte. Det er 510 fleire enn i 2013.

Og medan pilene peikar i feil retning når det gjeld tekniske manglar så er det ei betring i talet på brot på køyre- og kviletid. Gausdal reknar med at hyppigare kontrollar er med på å få ned talet.

– Risikoen for å bli oppdaga er større enn tidlegare, og så har vi speditørar som ser at dei må legge opp transporten slik at det er mogeleg å gjennomføre den innanfor regelverket.

Håbakken kontrollstasjon

HYPPIGE KONTROLLAR: Kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal, der det vart sjekka 3731 køyretøy i fjor.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ikkje konkurransevridande

Mange norske transportselskap meiner kontrollane av tyngre køyretøy er urettferdige fordi dei utanlandske i mange tilfelle ikkje gjer opp for seg. Thormod Gausdal meiner det ikkje er tilfelle i dei kontrollane dei har.

– Hjå oss er det slik at dei utanlandske køyretøya som blir stansa og melde til politiet og får eit førelegg blir ståande hjå oss til førelegget er betalt. Når det gjeld dei norske, svenske og danske selskapa er det avtalar landa imellom som gjer at dei får gjere opp i etterkant, og dermed kan køyre vidare.

Tormod Gausdal på Håbakken kontrollstasjon

HYPPIGARE KONTROLLAR: Seksjonsleiar Thormod Gausdal får fleire kontrollørar i 2015 og kan dermed stanse endå fleire tunge køyretøy.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fleire er klare over kontrollane

I 2015 får Thormod Gausdal meir pengar å rutte med og to nye kontrollørar til å stanse og sjekke tunge køyretøy. Og han håpar at den auka aktiviteten deira og ryktet om det streng kontrollregimet etter kvart fører til at den tekniske standarden kjem seg.

– Vi ser iallfall at det er fleire som er klare over at vi har hyppige kontrollar, det er fleire som prøver å unndra seg kontroll på fleire av kontrollstasjonane. Så sant vi kan innhentar vi desse køyretøya og gir dei eit ekstra førelegg på 8000 kroner fordi dei ikkje vil helse på oss.