Hopp til innhold

Fleire vogntog med problem på glatta

Uvêret har skapt store problem for tungtrafikken i fylket. I løpet av dagen har vogntog stått fast fleire stader.

Vongtog fast på Hemsedalsfjellet

PROBLEM PÅ GLATTA: Dette danske vogntoget fekk tysdag ettermiddag problem på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK-tipsar

Ikkje før var riksveg 52 over Hemsedalsfjellet opna tysdag ettermiddag, før det blei stengd igjen. Denne gongen på grunn av eit vogntog som stod fast ved Holesvingane.

Mellom klokka 19 og 20 blir Hemsedalsfjellet stengt igjen på grunn av berging av eit anna vogntog som står fast, opplyser Vegtrafikksentralen i Bergen.

På Strynefjellet står tre vogntog faste ved Grasdalstunnelen, det har dei gjort sidan måndag.

– Eit av vogntoga har fått køyreforbod til det har fått på skikkelege vinterdekk, dei to andre har fått førelegg, seier Wenke Hope som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bergingsselskap jobbar med å få dei ned.

Problem i Sogndalsdalen

– I Sogndalsdalen er det vanskelege køyreforhold, og mange vogntog har stogga for å legge på kjetting, seier Kristine Folland, som køyrde riksveg fem frå Sogndal tysdag ettermiddag.

– Fleire av vogntoga stod slik til at det kunne oppstå farlege situasjonar dersom bilistane ikkje er merksame.

Klokka 17:16 melder States vegvesen at riksveg 5 er stengd ved Frudalstunnelen på grunn av bilberging.

Ved Selseng i Sogndalsdalen står fire vogntog faste melder Statens vegvesen

Fleire vogntog faste

Klokka 12: 03 i dag fekk politiet melding ein utanlandsk trailer som stod fast i Stigedalen. Traileren fekk hjelp med kjetting, og det blir oppretta sak på forholdet.

HER KAN DU LESE OPPDATERTE VEGMELDINGAR

Klokka 12:31 fekk politiet melding om ein trailer som står fast på fylkesveg 614 ovanfor Svelgen i Bremanger. Der er vegen framleis stengd, men er vente opna i løpet av tysdag ettermiddag.

Klokka 13:55 Rykte politiet ut til eit vogntog som stod fast i Bjørkedalen i Eid. Dei fekk snudd vogntoget og sendt det av garde i retning Volda.