Hopp til innhold

Fleire vogntog i trøbbel

Fleire vogntog har måndag fått trøbbel på det glatte føret rundt om kring i fylket. I Flåm stod fire vogntog på rad fast i ein bakke.

Vogntog i trøbbel

TRØBBEL: Ein bil med hengar fekk problem på E39 mellom Lavik og Vadheim måndag ettermiddag. Det var ein periode kaos i området ifølgje folk på staden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Over heile fylket har det måndag vore problem på vegane. Det er glatt både i låglandet og på fjellovergangane og fleire vegar er stengt.

Vogntog slit i glatte bakkar

På E16 i Flåm var det fleire vogntog som fekk problem i bakken opp mot Flenjatunnelen, det skriv Sogn Avis på nett.

- Det var på det meste fire vogntog som stod fast, seier vakthavande Arne Stadheim ved vegmeldingssentralen til NRK.

Det var i halv fire tida måndag ettermiddag at vogntoga fekk problem. Ved 17.30 tida skal tre av dei ha kome seg vidare.

- Det siste står etter det eg kjenner til i grøfta. Kor vidt det er bilberging på veg eller ikkje er ukjent, men det skal ikkje vere til hinder for trafikken, seier Stadheim.

Trøbbel også på E39

Også på E39 mellom Lavik og Vadheim skaper fleire vogntog trøbbel for andre bilistar.

Eit vogntog utan kjettingar skal ha fått stogg midt i vegen mellom Torvund og Teigen, noko som førte til store trafikale problem. Etter det NRK får opplyst frå folk på staden skal bilistar ha måtte vente i opp mot ein halv time for å kome seg forbi.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet førte det ikkje til problem for trafikken då eit vogntog hamna i grøfta ved Eldrevatnet.

- Det ligg slik til at det ikkje hindrar trafikken, seier Stadheim.

I Førde hamna eit polsk vogntog i grøfta på riksveg 5 ved Erdalen. Her vurderer politiet å bøtelegge sjåføren som ikkje hadde med seg nok kjettingar.

- Ver forsiktig

Oppmodinga frå vegmeldingssentralen er den same måndag kveld som måndag morgon.

- Folk må ta det med ro. Det er glatt fleire stader og føret kan variere veldig. Nokre stadar har det regna, andre stader er det snø i lufta, seier Stadheim.

SLIK ER DET PÅ VEGANE MÅNDAG KVELD:

Opne fjellovergangar

  • E16 over Filefjell
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet
  • Riksveg 15 Strynefjellet

Fylkesveg 53 Tyin- Årdal opna att tidlegare måndag kveld, men er nattestengt som vanleg vinterstid.

Her er det stengt

  • Riksveg 13 Vikafjellet er stengt grunna uvêr
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengt grunna uvêr