Hopp til innhold

No er det åpen strid om kven som skal få bu på det over 100 år gamle sanatoriet

Ikkje sidan bygget som stod ferdig i 1902, har det vore så mykje bråk i korridorane på det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster. No kranglar dei om kven som skal få vere der vidare.

Det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster har vore brukt til alt frå tuberkolosesjukehus til asylmottak.
No kjempar fleire om å få overta dei forfalne bygningane i fjellsida høgt over fjorden..

Kranglar om kven som skal få vere på gammalt sanatorium

30 år gamle Kristian Nilssen er halvt trønder, halvt sunnfjording og 100 prosent engasjert i lagnaden for det tidlegare tuberkolosesanatoriet Harastølen. 500 meter over havet kneisar hovudbygget som eit ørnerede, falma i kantane, men likevel brennande aktuelt.

– Det er ikkje snakk om å pusse opp for å pusse opp alt. Her er det snakk om å kunne nytte seg av alt som er her, medan det framleis er rom for det. Om vi skal stresse med å rive eit hus med så mykje historie, så kunne ein i alle fall ha ordna skallet på huset. Slik kunne ein ha fått tilbake litt respekt og litt ære. Innmaten kunne stått som den gjer i 100 år, så kan ein bestemme kva som skal gjerast med huset, seier Nilssen til NRK.

Han har vore der gratis i to år. Direktøren for eigarselskapet Tinfos spurte om Kristian ville vere der, passe på, jobbe litt og vakte over eigedomen. Andre har kalla han og dei fire andre som bur der for husokkupantar.

– Folk som kallar meg husokkupant bør gå i ordboka og slå opp kva ein husokkupant er for noko. Eg er her fordi eigaren spurte om eg ville vere her. Eg er vakt her, vi passar på plassen, vi jobbar på plassen kvar dag, seier Nilssen og ser ut over fjorden og inn mot dei mektige fjella i Jotunheimen.

Flytta frå Lofoten til Sogn

For litt lenger ned i vegen for sanatoriet er ekteparet Barbro og Morten Solem i ferd med å gjere seg klar til å flytte inn i den såkalla søsterboligen. Dei flytta frå Lofoten til Sogn, etter å ha lese om Harastølen. No har dei intensjonsavtale med eigarselskapet om å overta bygningsmassen.

– Det var ei utfordring. Morten er veldig glad i ting han aldri har gjort før, ser ikkje mørkt på nokon ting. Då eg byrja å lese om Harastølen så nemnde eg det for han. Så prata vi litt fram og tilbake, så brått ein dag seier han; Det gjer vi! Så byrja kommunikasjonen med Tinfos. Så fekk spørsmålet om eg er klar for dette. Då svara eg at nei, det er eg ikkje, men vi må bli klare. Og no er eg klar.

Barbro Solem smiler, men veit at det dei vil ta på seg er ei enorm utfordring. På det gamle sanatoriet vil dei starte tilbod for barn og unge med funksjonsnedsetjingar.

– Vi skal ikkje gjere dette aleine. Vi har nokon investorar på handa og vil hente inn fleire. Det er det vi skal bruke det første året til, prosjektere heile området. Vi snakkar ikkje om dersom vi får det til, men når vi får det til, seier Barbro.

Barbro og Morten Solem

VIL OVERTA: Barbro Solem og Morten Solem framfor vegen opp til Harastølen i Luster. Ekteparet som vil overta det gamle sanatoriet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Politiet kom på døra

Men noko samarbeid mellom dei og gruppa som har tilhald på Harastølen er høgst usannsynleg.

Dei er knapt nok på talefot, og nyleg var politiet på besøk. Væpna politifolk tok med seg fire av dei som bur der, og gjorde beslag av det politiet trur kan vere tjuvgods. Men politiet sin påståtte hovudmann har ikkje tilhald på staden, og bebuarane meiner både ekteparet som vil kjøpe og politiet laga storm i eit vassglas.

– Eg har aldri trudd at dette var noko eg skulle kome til å oppleve på Harastølen eigentleg. Vi har berre Harastølen rundt oss heile tida, det har blitt ein livsstil. Og vi føler at vi er med å berge heile Harastølen. Mange seier til oss at no har det vore ein positiv oppleving kring Harastølen. Folk seier at «Det er jo ikkje noko gravemaskin her oppe, men dei grev jo. Det er jo ikkje pengar der oppe, men dei gjer noko», seier bebuar Kristian Nilssen.

Dersom ekteparet får lov å overta eigedomen vil han vurdere å flytte på seg. Førebels held han og dei andre seg til avtalen med Tinfos. Dei vil vere der, og dei vil vakte over det mektige bygget.

Politikarane vil rive

Ordføraren i Luster kommune, Ivar Kvalen, er derimot i ferd med å miste tolmodet. Han og dei andre politikarane i kommunen skulle gjerne sett bygget rive for lenge sidan.

– No synes eg situasjonen er lite tilfredsstillande, og dei signala har eigaren fått frå kommunen. Det har jo vore ein del støy rundt Harastølen no med ulike interessegrupper. Eg meiner no at Tinfos må setje strek og seier at slik gjer vi det.

– Inneber det riving?

– Ved inngangen til denne kommunestyreperioden så tok eg og formannskapet initiativ til at no må noko gjerast med Harastølen. No har det stått kraftig til nedfalls i fleire tiår. Vi likte ikkje utviklinga og kunne ikkje halde fram. Så har vi bede eigarane om anten å pusse opp og restaurere, eller rive og kome med nye planar som kan utløyse ny positiv aktivitet for det området. Så langt har ikkje det skjedd. Vi har ein avtale om at dei skal rive, men dei har bede om lenger frist.

Vil ha ei rask løysing

Tor Syverud er direktør i Tinfos. Med base på Notodden sit han lagt unna, men føl likevel nøye med på kva som skjer med Harastølen.

– Tinfos ønsker ei løysing for Harastølen så fort som råd. Vi har bede ekteparet Solem om å framlegge dokumentasjon som viser at planane deira kan realiserast. Så langt har vi ikkje fått det. Det er likevel for tidleg å konkludere med at Harastølen blir riven, seier Syverud til NRK.

Utsett for ryktespreiing

Men den manglande dokumentasjonen skal Tinfos få innan få dagar, hevdar ekteparet Barbro og Morten Solem. Dei er meir uroa over at dei sjølve har blitt utsett for mykje ryktespreiing etter at dei tok med seg flyttelasset og kom til Sogn.

– Ryktespreiing vil det uansett vere når det kjem to personar og hoppar på eit slikt prosjekt. Men generelt har vi blitt veldig godt mottekne. Men alle har ei meining om huset og plassen, alle har eit forhold til Harastølen. Dei fleste lustringane trur eg er litt skeptiske fordi det har vore så mange forsøk på å få til noko her. Men alle vil gjerne at vi skal få det til. Så då får vi bevise at vi får det til, seier Barbro.