Det er ein klar tendens til at folk vil byggje i store sentra, seier direktør i Sogn og Fjordane Bustadbyggelag, Otto Wiger. Det siste året har det vore stor byggjeaktivitet i Førde, særleg i området Vieåsen Sør nær Førde Sentralsjukehus.
148 nye hus i Førde
Og i 2004 vart altså heile 148 nybygde hus tekne i bruk i Førde. Det er langt fleire enn i andre deler av fylket. Til samanlikning hadde Sogndal 31 nye bueiningar og Flora 29. I fleire kommunar her i fylket vart det ikkje tatt i bruk eit einaste nytt hus i fjor.
- Positiv trend
Men for fylket under eitt var 2004 eit normalår når det gjeld bustadbygging. Otto Wiger meiner å sjå ein positiv trend.
- Fleire vil bu og arbeide i Sogn og Fjordane, og vi har iallfall ikkje fått den nedgangen som enkelte spådde med at svært mange ville flytte til Oslo eller Bergen, seier han.