Hopp til innhold

Kristian (17) er ein av fleire som blir råka av nedgangstidene i sjøfartsnæringane

VASSENDEN (NRK.no): Kristian Vie har gode karakterar, lite fråvære og har veldig lyst på læreplass på båt. Men han er ein av fleire som no blir råka av nedgangstidene i maritim sektor.

Kristian Vie på Jølstraholmen på Vassenden

UTAN LÆREPLASS: Kristian Vie bur førebels heime i innlandsbygda Vassenden medan han ventar på å få kome seg ut på sjøen som lærling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er ganske oppgitt. Det er jo kjedeleg og ikkje ha noko å gjere på. Dei lova jo oss at vi skulle få læreplass, og så har vi ikkje fått noko. Ein blir jo ganske frustrert, seier Kristian Vie til NRK.

17 år gamle Kristian Vie ser ut over elva Jølstra heime på Vassenden, men helst skulle han skoda utover dei sju hav.

Han er ein av sju elevar frå Måløy vidaregåande som ikkje har fått den læreplassen i maritime fag dei var førespegla før dei tok til på utdanninga.

– Det er kjekt å vere på sjøen og det er absolutt det eg vil. Eg prøvar ei stund til på å kome meg ut. Om ikkje må eg finne på noko anna, utan at eg heilt veit kva, seier Vie.

Tek inn færre lærlingar

I alt 35 elevar gjekk ut frå dei vidaregåande kursa i maritime fag ved Måløy vidaregåande i vår. Vanlegvis har det ikkje vore problem å finne læreplass til alle.

– Men den maritime bransjen har møtt ein brottsjø og tek inn færre lærlingar. Det har vore for mange skuleplassar i høve behovet. Årsaka er at det er litt for mange elevar som tevlar om læreplassar, meiner rektor Karl Ottar Rundereim.

– Fylka har oppretta mange plassar fordi det har vore eit populært tilbod. Så er det blitt litt for mange elevar i forhold til talet på læreplassar. Det gjer at vi for første gong har ei gruppe elevar som står utan læreplass i dag, slår han fast.

Situasjonen har endra seg

Det er fleire opplæringskontor på Vestlandet som jobbar for å finne plass til alle dei som tek maritim utdanning i den vidaregåande skulen. Dagleg leiar ved kontoret i Ålesund, Torunn Lied Giske, stadfestar at det blir utdanna fleire enn bransjen treng.

– Om vi ser på dei tre siste åra så har vi hatt større inntak av lærlingar, og det har auka frå år til år. Men i 2014 har situasjonen i næringa endra seg litt og inntaket har gått ned, seier Giske.

Kuttar i tal klassar

Måløy er ikkje åleine om å oppleve at elevar ikkje får læreplassar i den maritime sektoren. To av elevane i borteknikk i Florø står også utan læreplass, og langs vestlandskysten melder særleg offshorebransjen at behovet for lærlingar vil bli mindre. Dette har dei no teke omsyn til i Måløy og starta opp to klassar i staden for tre no i haust.

– Elles vil vi no prøve å gå breitt ut mot fleire opplæringskontor og ulike reiarlag. Elevane bør nok også tenkje at det viktigaste er å skaffe seg ein læreplass og eit fagbrev, og ikkje tenke for mykje på offshore i utgangspunktet, seier rektor Karl Ottar Rundereim.

– Eg tek det eg får

På Vassenden går Kristian Vie og ventar. Dei skal få eit tilbod om ein skuleplass i staden for læreplass, men når og kvar er uvisst. Helst vil han bytte ut elveutsikta på Jølster med det opne havet så raskt som råd er.

– Det er jo supply eg har planar om å kome meg på, det er jo det vi har drive med i utdanninga. Men eg tek det eg får, også til dømes ferje. Det er jo ikkje kjekt å sitje heime, smiler Kristian.