Hopp til innhold

Jeanette ville helst fødd nærare heime - stadig fleire føder i Volda og på Voss

Jeanette Norén frå Øvre Årdal ville aller helst ha fødd på Voss, men den vesle guten ville tidleg ut og då gjekk turen til sentralsjukehuset i Førde. Men stadig fleire kvinner vel alternative fødeavdelingar.

Jeanette Norén

VALDE FØRDE: Jeanette Norén frå Øvre Årdal fekk komplikasjonar, og valte å føde i Førde. Fembarnsmora er godt nøgd med opphaldet på sentralsjukehuset så langt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På eit av familieromma på Førde sentralsjukehus syner Jeanette fram det vesle nurket på berre 2800 gram. Den vesle, nyfødde guten er lukkeleg uvitande om at han no er ein del av fødestatistikken for Sogn og Fjordane.

– Namnet er vi ikkje heilt sikre på enda. Han grein med ein gong han kom ut. Han er fødd tre veker for tidleg, og då følte eg at det var tryggare å gjere det her. Litt nærare hadde vore fint, det hadde vore enklare for familie og vener å kome på besøk. Egentlig det som var den største grunnen til at vi helst ville vald Voss, seier Norén.

Store endringar i tilbodet

Og ho er ikkje åleine om å ønske å føde utanfor Helse Førde-systemet. Tal syner no ein nedgang på nær 100 fødslar i Helse Førde, samanlikna med same periode i fjor. Årsaka ligg i den store omlegginga av fødetilbodet her i fylket, trur avdelingssjef ved kvinneklinikken, Tom Guldhav.

– Vi har jo hatt store endringar i fødetilbodet i Sogn og Fjordane, spesielt det siste året med nedlegginga av fødeavdelinga på Nordfjordeid. Vi har valt å gjere det slik at kvinnene skal kunne velgje. Det er jo to ulike nivå på fødeinstitusjonane i Volda og i Førde. Det at ein har barneavdeling i Førde gjer nok at nokon tek det valet, kontra Volda. Men vi har valt ei løysing, der kvinnene må ta det valet, seier Guldhav.

Tom Guldhav

SER NEDGANG: Avdelingssjef ved kvinneklinikken, Tom Guldhav, trur årsaka til nedgangen skuldast at fleire vel Volda.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Volda har merka veksten

Kva nedgangen fører til av konsekvensar for Helse Førde, vil ikkje avdelingssjefen spekulere i no.

– Eg trur vi skal få resultatet for året, inkludert tala på dei som har fødd utanfor fylket, før ein skal byrje å spekulere i om det er ein nedgang eller oppgang i fødselstalet totalt, sler Guldhav fast.

Sjukehuset på Voss har tradisjonelt mange pasientar frå Indre Sogn, men dei har merka ein vekst. Det same har sjukehuset i Volda.

– Fleire nordfjordingar vil føde der, seier sjef for fødeavdelingane i Møre og Romsdal, Henrik Erdal.

– Positivt for dei tilsette

Erdal meiner at samarbeidet mellom sjukehusa er positivt, også for dei tilsette ved fødeavdelinga i Volda, som på den måten får større utfordringar.

– Vi opplever det som eit positivt samarbeid. Det er jo med på å gjere det litt meir spennande å jobbe der, ved at det er litt meir å gjere på. At ein får ansvar for eit litt større område, vert nok også opplevd som positivt blant dei som jobbar her, seier avdelingssjefen.

Tilbake på fødeavdelinga har Jeanette Norén løfta den vesle sonen opp frå nyføddsenga. Sjølv om ho eigentleg ville fødd utanfor fylket, er ho trass alt nøgd.

– Veldig bra her i Førde, her blir ein teken på alvor føler eg. Eg har vore innlagt her eit par veker no, og har berre positivt å seie om avdelinga.