Det vil gå fleire veker før folk får flytta inn att i røykskadde hus

Det er ikkje berre flammane som har ført til store øydeleggingar i Lærdal. På grunn av røyk- og vasskadar, må mange vente i vekevis dei får flytte heim att.

Storbrann på Lærdalsøyri.

RØYK OG VASSKADAR: Mange hus har fått røyk- og vasskadar etter brannen og kampen mot flammane.

Eirik Hildal
Journalist

Mange av huseigarane i Lærdal hadde hell i uhell natt til sundag. Husa står framleis, men det vil variere kva tid folk kan flytte heim.

– Det er mange hus som ikkje brann ned, der folk likevel må vente. I dei som stod nærast brannen og er mest skada, vil det minst ta eit par veker før folk kan flytte inn att. I dei som er mindre skadde, til dømes der vindauga har sprokke, kan det vere klart til innflytting om nokre få dagar, seier takstmann i IF Skadeforsikring, Hallgeir Nessa.

Dei siste tala frå politiet viser 23 bygningar er totalskadde, og at 16 av desse er bustadar. I tillegg kjem alle nabohusa som vart skada av røyk og brannsløkking.

– Eg vil tru at hus med røyk- og vasskadar det gjeldt om lag like mange som dei totalskadde husa, rundt 20. Men vi er enno tidleg i prosessen med å få oversikt, og har enno ikkje full oversikt, seier takstmannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Lærdal

SKADAR PÅ NABOHUS: Mange hus i nærleiken av flammane har røyk- og sotskadar og vasskadar som fylgje av førebyggjande skyljing.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Omfattande arbeid naudsynt

Forsikringsselskapet kom til Lærdal i går, og jobbar no med å få oversikt over skadane.

– Vi ser på alle husa som vart spylte med vatn for at dei ikkje skulle byrje å brenne. Dei har fått vasskadar. Vi ser også hus med sotskadar. Dette er oftast nabohusa til dei som brann ned, seier Nessa.

Det kan verte omfattande arbeid som må gjerast.

– Vi må inn og tørke. Då kan det vere at vi må rive veggar. Vi må også vaske og desinfisere for å få vekk all lukta. Det finst eigne firma som gjer dette, seier han.

Forsikringsselskapet har ikkje full oversikt, men slår fast at det dei ser i Lærdal er unikt.

– Det er utruleg stor skade i forhold til det vi vanlegvis ser. Det uvanlege er at det er så mange hus som er involvert. Det er uverkelege tilstandar vi ser på her inne, seier Nessa.

Kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, Ole Irgens, er samd i denne vurderinga, og tek fram dei store orda.

– Dette er heldigvis noko vi veldig sjeldan ser. Eg har sjølv vore ute i krigsområde tidlegare, og er einig med dei som seier at det ser ut som eit krigsherja område, seier Irgens.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Irgens

KRIGSOMRÅDE: Ole Irgens i Tryg forsikring lovar å hjelpe dei som er råka av brannen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt

Irgens forsikrar likevel at selskapet er klare for oppgåva.

– Vi har gode rutinar for ulukker og katastrofar. Dette er dramatisk for dei som er råka. Men alle skal føle seg trygge på at vi har eit apparat klart. Vi er klare for å ta i mot førespurnader frå folk, seier kommunikasjonssjefen.

Også IF Skadeforsikring oppmodar no dei som er råka om å ta kontakt.

– Dette er dramatisk. Vi har starta det du kan kalle ei fyrste naudhjelp. Den går til alle som må kjøpe klede og mat no i fyrste fase, seier kommunikasrådgjevar i IF, Sigmund Clementz.

– Det er mange spørsmål som dukkar opp i ein så ekstrem situasjon, og vi vil prøve å hjelpe så godt vi kan. Vi veit det har vore problem, både med fastnett og mobilnett, men vi oppmodar alle om å ta kontakt med forsikringsselskapet sitt så snart dei kan, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdal etter brannen

TA KONTAKT: Folk som bur nær der flammane herja bør ta kontakt, seier forsikringsselskapa.

Foto: Marius Arnesen / NRK

– Fire til fire og ein halv million per bustad

Tidlegare har det vorte meldt at skadane på dei totalskadde husa kan koste over 100 millionar. Dette er Nessa i IF Skadeforsikring samd i.

– Av erfaring kan det fort gå fire til fire og ein halv millionar på kvar bustad. Og dersom det er 23 bygningar totalt og ein reknar 4 millionar på kvar, så er ein raskt oppe i 100 millionar, seier Nessa.

Enno veit ikkje forsikringsselskapa nøyaktig kor omfattande skadane er.

– Vi har enno ikkje kome inn til alle dei råka områda. No skal politiet fyrst gjere sine undersøkingar, og så vil kommunen frigjere områda etter det.

Irgens i Tryg Forsikring seier det er for tidleg for å seie noko sikkert, men trur også kostnadene vert svært store.

– Eg har sett desse tala, og det er eit greitt anslag med 100 millionar. Det kan verte meir eller mindre. Vi har bustadar, næringsbygg og Telenor sine anlegg. Vi må nok vente nokre dagar med å sjå, men at det vert store beløp er det ingen tvil om, seier han.

Utsikt ned Kyrkjeteigen i Lærdal

SOTSKADAR: Mange har hatt hell i uhell og står med sotskadar blant totalskadde hus.

Foto: Arne Veum / NTB scanpix
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.