Hopp til innhold

– Regn i dag, i morgon, laurdag og søndag

Varmt og vått vêr har sørga for at mykje lausmasse har losna og rast ned på vegar rundt omkring i fylket.

Regn Førde

REGN: Det regna mykje på onsdag og det kjem meir nedbør dei komande dagane i Sogn og Fjordane.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen/NRK

Regn Førde

REGN: Det regna mykje på onsdag og det kjem meir nedbør dei komande dagane i Sogn og Fjordane.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen/NRK

Det har gått ei rekke ras fleire stader i fylket og som ein konsekvens av det er fleire vegar stengt.

– Det er varmen som gjer det. Den har smelta mykje vatn som tek med seg jord, stein og snø ned på vegane, fortel trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Albert Sherington.

  • Fylkesveg 451 er stengd på grunn av eit jordras mellom Vassenden og Strand i Jølster. Raset skal vere ti meter breitt og éin til to meter høgt. Ein har starta oppryddningsarbeidet på staden, men det er usikkert om vegen vert opna i dag.
  • Fylkesveg 55 ved Lånefjorden i Balestrand var stengt i formiddag etter at det gjekk eit sørperas over vegen. Vegen er no rydda og begge køyrefelta er open.
  • Fylkesveg 609 på strekninga mellom Førde og Askvoll var stengt frå seint onsdag kveld til torsdag formiddag. Det er venta mykje nedbør og vind i området, men Vegvesenet har no beslutta å opne vegen igjen.
  • Fylkesveg 722 har også vore stengt på grunn av eit jordras på strekninga mellom Storesund og Flo. Den er no opna igjen.

Det er varsla mykje nedbør dei komande dagane, og i Askvoll, Balestrand, Florø, Førde, Hyllestadm Høyanger, Lærdal, Måløy, Naustdal og Sogndal er det fare for flaum, ifølge yr.no.

Laster Twitter-innhold

Ber trafikantar vere forsiktige

Jan Erikstad på trafikksentralen i Lærdal fortel at det er mykje overflatevatn på vegane, som stikkrennene ikkje klarer å ta unna. Dette gjeld spesielt Sunnfjord, men dei har óg fått ein del meldingar frå indre Nordfjord.

– Det renn meir eller mindre elver over vegen fleire plassar. På E39 har vi fått mange meldingar, det gjeld heilt frå Lavik til Klakegg. Vi ber trafikantane ta omsyn til det, seier Erikstad.

Meteorologen: – Mykje nedbør framover

Martin Granerød

VÊR: Satsmeteorolog Martin Granerød fortel at det blir mykje nedbør dei komande dagane.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

– Når eg ser på prognosen framover blir det nedbør i dag, i morgon, laurdag og søndag. Men det blir ikkje like mykje nedbør desse dagane, som det var i går, er meldinga frå statsmeteorolog Martin Granerød.

Fleire stader i fylket har det vore opp mot 10 varmegrader, noko som har smelta store mengder snø.

– I løpet av dagen i dag er det eit lite lågtrykk som skal passere Sogn og Fjordane. Det kjem til å sørge for at det kan blåse opp i ein vestleg liten storm omkring Stadt. Elles blir det sørvest stiv kuling på kysten og i fjellet, fortel meteorologen.

Følg luftstrømmane på earth.nullschool.net sitt vindkart: