Hopp til innhold

Fleire vegar stengde grunna ras

NVE har varsla betydeleg snøskredfare i Sogn og Fjordane heile helga. Natt til måndag har det rasa fleire stader.

Snøras Esebotten

SNØRAS: Eit av snørasa i natt gjekk her i Esebotn, på strekninga Esefjorden - Dragsvik.

Foto: Jon Linde

– Det var inga overrasking når ein ser på meldingane, seier Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen.

Fire vegar stengde

Snøskredfaren har vore på nest høgste nivå sidan fredag, då NVE åtvara folk om å vere varsame. Måndag morgon klokka 09.00 er fire vegar stengde grunna snøras.

  • Fv 53, Øvre Årdal bom, på strekninga Tyin – Årdal. No open for trafikk.
  • Fv 55, Esefjorden – Dragsvik. Vert ikkje opna i dag.
  • Fv 93, Heldalsheia, på strekninga Nautsund – Vadheim.
  • Fv 152, Alstokka, i Balestrand kommune. Vert ikkje opna i dag.

Kan bli stengde ei stund

Holm ved vegtrafikksentralen seier det endå er uklart kva tid vegane kan opne.

– Dei skal sjekkast av geolog når det blir lyst, og då kan vi seie meir.

Han håpar vegane kan opne i løpet av føremiddagen, men kor lenge dei blir stengde er avhengig av fleire ting

– Det kjem an på storleik og omfang, kvar raset har gått, og om geologane vurderer at det er fare for fleire ras, seier Holm.